…og heidersprisen går til…

edit today
Har du forslag til kandidatar til dei to heidersprisane våre?

Årets bedrift og årets fyrtårn. Den første til ei bedrift, den andre til ein person.

I over 30 år har Vest Næringsråd kåra årets bedrift i regionen. Det gjer lista lang (sjå nederst) over tidlegare vinnarar. Prisen skal gå til ei bedrift som bidrar til å styrka og utvikla næringslivet i Øygarden kommune.

Juryen skal gjera ei helheitsvurdering der følgjande ligg til grunn:

  • Berekraft
  • Utvikling og lønsemd
  • Serviceinnstilling
  • Produktutvikling
  • Sal/marknadsføring inkludert eksport
  • HMS og kvalitet
  • Profil og omdømme

Prisen blir delt ut i samarbeid med Nordea på årsfesten til Vest Næringsråd, fredag 11. november.

Det var Zinken som blei årets bedrift i 2021. I juryen si begrunning blei det lagt vekt på berekraftsmomenta i å vera ein inkluderande arbeidsplass, og ikkje minst det å forlenge levetida til materialane dei håndterer.

– Vi har lagt vekt på inkluderende arbeidsliv. Vi som bedrifter må våge å satse på dem som trenger litt ekstra. Det koster litt ekstra tid, men det er verdt det, sa dagleg leiar Ole Morten Skjold, då han mottok prisen.

Årets fyrtårn – heidersprisen til ein person

Vest Næringsråd oppretta i 2018 denne heidersprisen, oppkalt etter kommunevåpenet i Øygarden kommune. Formålet er å heidre ein person som enten gjennom selskapet sitt eller organisasjonen sin har sett regionen på kartet positivt.

Prisen er eit samarbeid mellom Vest Næringsråd og Sparebank1 SR Bank.

Tildelinga skjedde under Årsfesten til Vest Næringsråd 12. november.

OVERRASKA: Øystein Bredholdt fra Sparebank1 SR-Bank og Anders Ekanger delte ut prisen til Hans Jarle Einarsen (i midten). FOTO: Lone Kalvenes

Prisen «Årets Fyrtårn» er fire år gammal. I 2018 var det Kåre Bjorøy som blei heidra, medan prisen i 2019 blei delt mellom dei tre ordførarane Kari-Anne Landro, Marianne Sandahl Bjorøy og Børge Haugetun, som slo saman dei tre kommunane. I 2020 fekk Sotra Gruppen-gründer Jarle Vindenes prisen, medan primus motor for Krafttak mot kreft, Hans Jarle Einarsen fekk prisen i 2021.

Her er alle tidlegare vinnarar av Årets bedrift-prisen:
  • 1998: Nutec Sotra og Sartor Shipping
  • 1999: Coast Center Base
  • 2000: FMC Kongsberg Subsea
  • 2001: Blom Fiskeoppdrett
  • 2002: Radio Sotra
  • 2003: Sotra Marine Produkter
  • 2004: VEX-Gruppen
  • 2005: Liegruppen
  • 2006: Sartor Storsenter
  • 2007: Net El- torget og Sartor Maskin
  • 2008: Straume Næringspark
  • 2009: Sotra Fiskeindustri
  • 2010: AGR Field Operations
  • 2011: Turbuss Vest
  • 2012: Coast Center Base
  • 2013: Telle Gruppen
  • 2014: Kobbeltveit Golf og Naturpark
  • 2015: ACOS
  • 2016: Kystmuseet i Øygarden
  • 2017: Cornelius sjømatrestaurant
  • 2018: Sotra Bil
  • 2019: Straume Mesterbygg
  • 2020: Fabtech
  • 2021: Zinken

Les også

keyboard_arrow_up