Om Gründerparken

Gründerparken Vest er eit samarbeid mellom tre aktørar:
  • Øygarden kommune er oppdragsgjevar og bidrar med årleg finansiering
  • Straume Teknologisenter (Liegruppen) er huseigar og økonomisk støttespelar
  • Vest Næringsråd er ansvarleg for dagleg drift

I Gründerparken Vest er du del av eit fellesskap med andre som er etablerarar av eiga bedrift.

Kva får du tilgang til?

Som leigetakar i Gründerparken Vest har du i tillegg til kontorplassen som du leiger tilgang til:
  • Fellesareal med kjøkken, spisebord, sanitæranlegg, multifunksjonsskrivar og mingleområde.
  • To møterom med videokonferanseutstyr.
  • Gjennom digitale flater i mingleområdet og på nettsida til Gründerparken blir gründerbedrifta di synleg.
  • Vest Næringsråd som har driftsansvar for gründerparken har eit stort nettverk av bedrifter i Øygarden og Bergen. Desse deler sin kunnskap og kompetanse på ulike møteplassar, også i direkte møte med gründerar. Når du har kontorplass i Gründerparken Vest, har du fri tilgang til Vest Næringsråd sine arrangement i Straume Teknologisenter.
  • Øygarden kommune har samarbeidsavtale med Etablerersenteret. Dei er ein viktig aktør for nyetablerarar og tilbyr blant anna ei rekke kurs. Vest Næringsråd har tett dialog med Etablersenteret. Målet er å maksimere effekten av desse tilboda, til det beste for gründerane.
  • Den aller viktigaste faktoren med å vera del av eit gründerfellesskap er å bli kjent med andre gründerar, for deling av kunnskap og erfaringar.

Forventningar

For å få mest mogleg ut av fellesskapet har Gründerparken Vest desse forventningane til deg.
  • Bruk fellesareala aktivt. Det skjer mykje deling gjennom den uformelle praten i lunsjen eller andre pausar.
  • Ta ein tur innom kontoret til ein av dei andre når det passar sånn.
  • Vêr nysgjerrig. Still spørsmål.
  • Del aktivt med dei som er lengre nede i gründertrappa.

Det er mange måtar å dele på. Til dømes kan det vera gjennom den uformelle praten, gjennom planlagde innlegg på felles faglunsjar eller at ein bruker litt tid på å koordinere ein aktivitet som skulebesøk eller liknande.

Trappetrinn

Gründerskapet har ulike fasar. For å modne deg som gründer og gjere deg gradvis meir sjølvstendig, har vi ein trappetrinnsmodell.

Dei ulike fasane vil innebere:

  • Ulike trinn for kostnadsnivå for deg som leigetakar
  • Ulik oppfølging
  • Ulike forventningar

Fase 1: Låg husleige, to oppfølgingssamtalar i året, aktiv deltaking i fellesskapet

Fase 2: Noko høgare husleige, ein oppfølgingssamtale i året, aktiv deltaking i fellesskapet, meir ansvar for eventuelle nyetablerte

Fase 3: Øvste trinn for husleige, ein oppfølgingssamtale i året, aktiv deltaking i fellesskapet, meir ansvar for deling av dine erfaringar

Fasane vert tema i 1 til 1- oppfølgingssamtalar mellom deg som gründer og Vest Næringsråd som forvaltar drifta. Formålet med 1 til 1 – samtalane er å avklare behov for støtte, fagleg påfyll og tiltak for deling av kunnskap.

Ledige kontorplassar i Gründerparken

per mars 2024 (klikk for større bilde):

Aktivitetar og årshjul

Aktivitetar i Gründerparken Vest kan variere ut frå behov, men utgangspunktet for aktiviteten er eit årshjul.

Kan dette vera noko for deg? Ikkje nøl med å ta kontakt!

Eg vil bli kontakta om fast plass eller drop-in-moglegheiten i Gründerparken Vest

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.
keyboard_arrow_up