Det er ei imponerande givarglede mellom bedriftene i Øygarden kommune, og i dag passerte vi 600 000 innsamla kroner totalt for Krafttak mot kreft 2022. Bedriftsstafetten åleine har bidratt med 525 000 kroner (per måndag morgon). Oversikten på bildet er frå fredag der du kan sjå alle som hadde bidratt til då. Rekorden er frå i fjor då det blei samla inn 735 168 kroner. – Vi nærmar oss rekorden, og er på god veg. Aksjonen rullar og går til Strilasløyfo er ferdig 23. april, fortel Hans Jarle Einarsen. Her finn du ut korleis du kan bidra.
Gir seg i Sotra Sportsklubb
Dan Christensen er på veg ut av jobben som dagleg leiar i idrettslaget…