– Rammevilkåra er snudd på hovudet

edit today
Uroen er stor i oppdrettsbransjen i Øygarden. Regjeringa sitt forslag om grunnrenteskatt set arbeidsplassar i fare.

Det meinte samstemte deltakarar i tysdagens dialogmøte mellom fiskeoppdrettarane og den kommunale leiinga. Initiativet kom frå ordførar Tom Georg Indrevik som ville høyre kva konsekvensar regjeringa sitt forslag kan føra til i kommunen.

Der fekk han grei beskjed: Dei negative konsekvensane for næringa har allereie starta.

Forslaget om ekstraskatten omfattar produksjon av laks, ørret og regnbueørret og inneber at grunnrenta skal skattleggast med ein effektiv sats på 40 prosent.

Det er fire verksemder i Øygarden som blir råka av forslaget: Mowi, Lerøy, Blom Fiskeoppdrett og Telavåg Fiskeoppdrett. I neste rekke blir foredlingsindustrien råka, i tillegg til alle underleverandørar.

– Tek livet av bransjen

Oppdrettarane peika i møtet på at forslaget om 40 prosent grunnrenteskatt påverkar enormt. Rammevilkåra er snudd på hovudet, og alle investeringar er stoppa. Investeringar for 17 milliardar er sett på vent.

– Det er nesten ikkje til å tru, sa ein av oppdrettarane om forslaget.

Ein annan med 40 års erfaring frå bransjen, var heilt klar på at forslaget frå regjeringa er det verste han har opplevd. Han meiner ekstra-skatten vil avlive den viktige næringa i Noreg.

– I våre auge er dette ein katastrofe for mange tusen familiar. Ein tilsett i havbruk betyr to tilsette i leverandørindustrien, meinte han.

Forsvinn utanlands

Grunnrenteskatt på 40 prosent fører til at investeringane som skulle skapa framtidige arbeidsplassar no er sett på vent. Bodskapen var at dersom forslaget går gjennom i Stortinget så vil arbeidsplassar innan havbruk hamne andre stader i verda.

– Med eit slikt forslag vil ikkje Noreg få ta del i veksten i næringa, meinte ein av deltakarane.

Ordførar Tom Georg Indrevik avslutta med at kommunen skal uttala seg i saka som er på høyring, og takka deltakarane for innspela.

Les også

keyboard_arrow_up