Sartor Maskin blir Sartor & Drange

edit today
Hovudkontor og verkstad blir på Straume, der Sartor Maskin held til i dag.

Sartor Maskin og Drange Maskin slår seg saman til Sartor & Drange for å ta ei leiarrolle i anleggsbransjen i Vestland fylke. Sartor & Drange vil få ei årleg omsetning på ca. 700 millionar i 2021 og har ca. 190 tilsette.

Det samanslåtte selskapet vert eigd av aktive eigarar, som alle vil halde fram i det samanslåtte selskapet. Arild Bøthun vert dagleg leiar, medan selskapet vil få eit styre beståande av Kåre Bjorøy, Jan Drange og Rune Grimstad.

Eigarskapet er fordelt på 56 aksjonærar som alle er aktive i selskapet.

Fusjon vert praktisk gjennomført frå årsskiftet.

Formålet med samanslåinga er å etablere ein større organisasjon for anleggsentreprisar, med hovudfokus på bergensregionen.

«Vi ser at kontraktsstorleikane, samt krav til kompetanse og bemanning i prosjekta aukar. For å vere hovudentreprenør på prosjekt der våre fagområder utgjer hovuddel av arbeidet, ser vi det som avgjerande å vere sterk nok i form av kapasitet, kompetanse og finansielt», skriv selskapa i pressemeldinga.

Selskapa meiner dei har utfyllande kompetanse, då Drange Maskin har bygd opp kapasitet og kompetanse på styring av større prosjekt, medan Sartor Maskin har større kapasitet og breidde i tenesteområdet.

ALLMØTE ONSDAG: Tilsette i begge selskap fekk informasjon på felles allmøte.

Sartor & Drange vert ein stor aktør i bergensregionen som utfører tenester innan tradisjonelt grunn- og maskinarbeid, sprenging, transport, vann- og avløpsforsyning, fjellsikring, betongarbeid, asfaltfresing, knuseverk, fundamentering og brønnboring, prosjekteringstenester og landmåling.

Sartor & Drange oppstår av to sterke selskap som har siktemål å bli enda sterkare saman og bli ein leiande aktør i vår region.

«Vi har som klart mål å basere drifta på eigne tilsette med høg fagkompetanse. Vi er særleg stolt av å kunne samle så mykje dyktige anleggsfolk. Ingen vil bli nedbemanna som følgje av samanslåinga og vi ser for oss å ha behov for fleire dyktige tilsette etter fusjonen», står det i meldinga.

Les også

keyboard_arrow_up