Signerte partnarskapsavtale med kommunen

edit today
I dag underteikna ordførar Tom Georg Indrevik og dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Ledang, partnarskapsavtale. – Dette er føreseieleg og sikrar trygg forankring av samarbeidet, seier Ledang.

Det var på kommunestyremøtet i slutten av oktober at det vart vedteke å inngå partnarskapsavtale med Vest Næringsråd. Den økonomiske ramma er 17 kroner pr. innbyggjar, tilsvarande om lag 650 tusen kroner i året.

Tidlegare har støtten til Vest Næringsråd vore basert på medlemsavgift og prosjektbasert tilskot.

Formålet med avtalen er å styrkja næringsutviklingsarbeidet generelt og tiltak/satsingar mot næringsutvikling i Øygarden kommune. Avtalen skal mellom anna medverka til å nå målsetjingane til Vest Næringsråd om å vera aktør, pådrivar og røysta til næringslivet innan næringsutvikling i kommunen.

– Viktig med avklarte forhold

Øygarden kommune har oppretta tre nye kommunale føretak. Det eine er Øygarden næringsutvikling KF. Rikard Ledang er trygg på at ein vil finna gode samarbeidsforhold.

– Med ein slik avtale slepp vi å tenkja på økonomi heile tida. Det er viktig å ha avklarte forhold. Øygarden næringsutvikling skal bidra til å skapa arbeidsplassar, medan Vest Næringsråd skal i ivareta interessene til næringslivet. Viktige mål for Vest Næringsråd er gode rammevilkår for næringslivet, infrastruktur og arbeidskraft, seier Ledang.

Vil ha vaktbikkje

Ordførar Tom Georg Indrevik er overtydd om at denne avtalen vil bidra til eit tydeleg trykk på næringslivsarbeidet.

– Avtalen er viktig for å utløysa potensialet i næringslivet. Det er også viktig at Vest Næringsråd framleis er ei vaktbikkje i næringslivet. Organisasjonen skal vera ei tydeleg røyst, seier ordføraren.

Partnaravtalen har ei lengd på tre år og skal evaluerast etter to år.

Tekst og foto: Vigleik Brekke, Øygarden kommune.

Les også

Meny