Sjå kven som får støtte

edit today

Denne veka har 99 verksemder i Øygarden fått utbetalt til saman 13 millionar kroner i ekstraordinær støtte. Øygarden næringsutvikling KF har på vegner av kommunen fordelt midlane til bedrifter særleg hardt ramma av lokale og nasjonale smitteventiltak. Det kom inn 113 søknader om støtte. – Vi har hatt stort fokus på å redda lokale arbeidsplassar, og å oppretthalda lokalt engasjement. Dei som har fått størst del av dei tildelte midlane er dei som er hardast ramma av korona-krisen og slit med likviditet, seier Hanne Misje Lokøy, rådgjevar i Øygarden næringsutvikling. Her kan du sjå lista over bedriftene som får støtte.

Les også

Meny