Skal sykle til Oslo på spinningsykkel

edit today
I fjor gjekk Benjamin Torsvik 18 gongar opp Liatårnet på ein dag til inntekt for Krafttak mot kreft, i år inviterer han bedriftene med på «sykkeltur».

– Eg er så lei av det fjellet, seier Benjamin og dunkar panna på bordet framfor seg. Minnene frå bataljen i fjor sit djupt i han. Det var tungt. Men han spøker. Han er ikkje lei av fjellet.

– Neidå. Vi vil berre fornya oss, og gjera det meir tilgjengeleg og spektakulært å vera med på, seier han.

For det er ingen aprilsnarr – 1. april set han seg på ein spinningsykkel inne på Sartor Storsenter og trør mot Oslo. Målet er dei 480 kilometerane det er til Slottet i løpet av opningstida den laurdagen.

– Det er umogleg å gjere åleine. Difor set vi opp fire syklar. Ein til meg, to til bedrifter som kan kjøpe kor mange kilometer dei vil sykle. Den fjerde sykkelen blir til ein kjent og sprek person som eg inviterer med, forklarer Torsvik.

Syklar på ekte hvis han samlar inn 200 000

Han håpar flyttinga av innandørs vil gjera Strilasløyfo til ein større happening både for han sjølv og tilskodarane som kan følgja med.

Reknestykket er enkelt. Kvar av dei fire syklane må vera i aksjon i åtte timar med ein gjennomsnittsfart på 15 kilometer i timen for å rekke fram.

– Det er det eine målet. Og det trur eg vi fint skal klara. Men det viktigaste er målet om å samle inn 200 000 til Krafttak mot kreft i løpet av desse åtte timane. Klarar eg det skal eg setje meg på ein landevegssykkel og sykle fysisk til Oslo og overlevera sjekken på Kreftforeningen sitt kontor, lovar han.

– Er du glad i å sitta på eit sykkelsete så lenge?

– Sykkelsete er noko herk. Dei er ikkje designa for å vera gode. Det er eit problem. Eit stort problem, smiler han, medan han reknar på kor mange putar han vil ha behov for bak.

Vil passera 7 mill på 13 år

Det er 13. gongen Sartor Storsenter og Vest Næringsråd samarbeider om innsamlinga til Kreftforeningen. I fjor blei det sett ny rekord med over ein million kroner samla inn i Øygarden til saman.

Så mykje er samla inn:
  • 2011: kr. 177 014,-
  • 2012: kr. 255 346,-
  • 2013: kr. 331 297,-
  • 2014: kr. 447 290,-
  • 2015: kr. 605 051,-
  • 2016: kr. 509 880,-
  • 2017: kr. 625 319,-
  • 2018: kr. 501 923,-
  • 2019: kr. 680 122,-
  • 2020: kr. 415 340,-
  • 2021: kr. 735 168,-
  • 2022: kr. 1 027 620,-

Totalt på 12 år: Kr. 6 311 370,-

I år er Hans Jarle Einarsen sitt mål å passera 7 millionar kroner totalt på 13 år – med god margin.

– Det som driv meg er at alle er så gira på å vera med. At bedriftene har lyst til å bidra år etter år, og at til dømes Benjamin er så ivrig. Det er gøy å gjera dette i felleskap, seier Einarsen.

Dette skjer framover:

  • Laurdag 11. mars – Oppstart Krafttak mot kreft på landsbasis – bøssebærarar går rundt
  • Torsdag 16. mars – Ringedugnad til bedriftene
  • Fredag 31. mars – Digital auksjon på Sartor Storsenter
  • Laurdag 1. april – Strilasløyfo – på spinningsykkel til Oslo
Forsking på livsforlengande behandling

Gjennom engasjementet sitt for kreftsaka har han møtt mange som har fått diagnosen. Han opplever også kvart år at folk han har snakka med om sjukdommen døyr kort tid etterpå.

– Så kvifor vi gjer dette? Det er fordi folk døyr rundt oss. Folk på min og din alder, dei døyr av dette. Nokre får altfor få dagar, andre får litt lengre tid. I år går pengane til å forlenga levetida til dei som veit dei skal døy, og som lever i håpet om at det skal dukka opp ein behandling undervegs. Det er det som er motivasjonen, at vi er med og gjer ein forskjell, seier Hans Jarle.

Slik kan du bidra:
  • På Vipps.nr.: 451005
  • Gi et bidrag via denne sida!
  • Du kan også sende en epost til: hans.jarle.einarsen@olavthon.no.
  • Bli med på næringslivet sin ringedag for Krafttak mot kreft 16. mars! Epost til: anders@vnr.no.

Les også

keyboard_arrow_up