Krev skjenkestoppen avslutta

edit today
I dette oppropet krev Vest Næringsråd saman med dei 15 andre næringsforeiningane i Vestland at skjenkestoppen blir avslutta, og næringslivet kompensert for auka straumprisar.
Skjenkestoppen må avsluttast no!

Situasjonen er katastrofal innan publikumsretta næringar som servering, kultur og reiseliv. Skjenkestoppen må snarast avsluttast. Næringslivet må óg kompenserast for straumrekningar som har auka med meir enn 50 prosent.

Dette er hovudbodskapen frå Næringsalliansen, som representerer meir enn 3000 bedrifter og 150.000 arbeidsplassar i heile Vestland fylke. Ei stor medlemsundersøking mellom desse fortel om svært store skilnader. Undersøkinga viser at nye nedstengingar og høg straumpris er mellom dei største utfordringane for medlemsbedriftene akkurat no.

– Olje og gass, sjømat og maritim næring går veldig bra, men innan servering, kultur og reiseliv er situasjonen katastrofal for mange. Dei har vore svært utsette gjennom hele pandemien. No er kassen tom. Får dei ikkje no den stønaden dei treng i tide, vil mange ikkje klare seg. Fleire vil tape livsverka sine, seier Marit Warncke, administrerande direktør i Bergen Næringsråd.

Det som hastar aller mest for desse, er at skjenkestoppen vert fjerna. Sjølv ei ordning med avgrensa skjenketider, til dømes til klokka 2200, vil vere til hjelp og gjere det mogleg å opne utestader som no er stengde.
Innføring av eit koronasertifikat innan restaurant og kultur er eit anna verkemiddel som bør innførast for å skape trygge rammer for drift og aktivitet.

– Lokomotiva i næringslivet går så det susar, men fleire av vognene har blitt ståande igjen på perrongen – eller rett og slett blir slengt av i fart. Vi er svært bekymra for utelivsbransjen og delar av kulturlivet, og vi er oppgitt over ein nasjonal skjenkestopp som slår beina under ein heil bransje, seier Anne-Grete Sandtorv, dagleg leiar i Stord Næringsråd.

– Det handlar ikkje berre om pengar. Det handlar om å halde på kompetansen og å få drive ei verksemd som er viktig for folk sin trivnad og sosiale liv.

Mange av verksemdene i Vestland er små og mellomstore, og dei vert no råka hardt av den enorme auken i straumprisane. Private hushaldningar vert delvis kompenserte for dette.

Næringsalliansen krev ordningar som óg kan vere til hjelp for eit næringsliv som no tapar konkurransekraft og vilkår for ei føreseieleg drift i 2022.

– Det er særleg små og mellomstore verksemder med eigen energikrevjande produksjon som tar støyten. Dei store prosessbedriftene har straumavtalar som gjer dei relativt upåverka, SMB-verksemdene er ofte lokaleigde og mindre kapitalsterke. Desse vert no sett til å gje maksimal inntening til stat, fylke og kommune medan dei kjempar for livet, seier Ingvald Torblå, styreleiar i Hardanger Industri.

– Det grøne skiftet vert ikkje gjennomført med ei raud bunnlinje. Ein kompensasjon for høge straumrekningar må ikkje avgrensast til eit visst nivå, men omfatte faktisk forbruk. Berre slik kan ein få eit grunnlag for føreseieleg og rett budsjettering som gjer at bedriftene overlever, utfyller Jørund Vevle, leiar i Osterøy Industri- og næringslag.

Lenke til undersøkinga: https://bergen-chamber.no/nyheter/siste-nytt/2022/01/%C3%B8kt-usikkerhet-men-optimisme-for-2022/

Beste helsing
Espen Børhaug Næringsalliansen Vestland
918 45 600
espen@bergen-chamber.no


Næringsalliansen Vestland blei stifta i 2008. Alliansen er eit nettverk samansett av 16 næringsforeiningar i Vestland. Saman representerer dei meir enn 3000 bedrifter og 150.000 arbeidsplassar og er ein viktig aktør når det gjeld næringsutvikling i heile fylket.

Les også

keyboard_arrow_up