Startar seminar-serie om dei økonomiske utsiktene

edit today
Frå krise til krise. Før punktum er satt for pandemien blei den avløyst av krig i Europa. Kva gjer vi no?

Vest Næringsråd går saman med finansprofilen Tyssøy for å gje medlemsbedriftene råd og oversikt over dei økonomiske utfordringane vi står i. Vi arrangerer eit frukostseminar kvar månad framover, der vi hentar inn spesialistar på temaet vi tar opp, og lar Tyssøy analysera og gje råd.

For kva kjem til å skje med:

  • Rentenivået?
  • Skattenivået?
  • Straumprisen?
  • Prisen på drivstoff?
Først med heile bildet

Det aller første pop-up-seminaret vil gje eit oversyn over heile bildet akkurat no: Kva betyr Ukraina-krigen for næringslivet i Øygarden?

– Eg vil gje eit oversiktsbilde over den dagsaktuelle situasjonen. Eg skal prøve å beskrive den økonomiske situasjonen på globalt nivå, regionalt nivå og ned på lokalt nivå, fortel Hogne Tyssøy.

Han er oppteken av at ingen i dag har fasiten på kva som vil skje lenger fram enn eit halvår, men meiner historia har ein tendens til å gjenta seg.

– Vår største fiende er at vi er emosjonelle. Hvis følelsane får ta overhand tar vi feil val, seier Tyssøy.

«Think fast, act slow»

– Målet med møteserien er å gje medlemsbedriftene eit grunnlag for å kunne ta gode avgjerder i tida framover. Val som gagnar bedriftene og arbeidsplassane i Øygarden.

Tyssøy lover topp foredragshaldarar innan dei ulike emnene.

– Den dagen du er utlært er du ferdig. Det vi skal løfte fram på desse møta passer både for mindre nyetablerte bedrifter, og større etablerte. Alle vil kunne nyte godt av desse seminara, meiner den tidlegare fondsforvaltaren.

– Dette gler vi oss til. Det er heilt nytt, men vi trur slike aktuelle kunnskapsseminar vil kunna vera til stor hjelp for medlemmane våre, seier dagleg leiar Rikard Ledang i Vest Næringsråd.

Etter første seminaret 29. mars vil vi evaluera møteform, og tilpassa vidare serie til det som passar best for deltakarane.

Les også

keyboard_arrow_up