Stengjer Arefjordvegen for trafikk

edit today
Måndag 9. november vert Arefjordvegen stengd for trafikk.

Årsaka til stenginga er anleggsarbeidet på strekninga mellom rundkøyringa til Kystbygarasjen og rundkøyringa i Storskaret. Arefjordvegen vil opne igjen i løpet av mars 2021. Det vert omkøyring via Lonavegen – Smålonane – Idrettsvegen, sjå kartillustrasjon vedlagt.

Fotgjengarar som skal mellom Sartor Storsenter og idretts- og skuleområdet i Idrettsvegen vil framleis kunne gå langs Arefjordvegen. Det vil også vere tilkomst for eigedommar i området.

Opnar påkøyringsrampa ned på riksveg 555 

For å ivareta trafikktryggleiken på omkøyringsvegane så godt som mogleg vil rampa ned på riksveg 555 frå Sartor Storsenter opne for trafikk også i morgonrushet. Det betyr at restriksjonane mellom klokka 0600 – 0900 vert mellombels oppheva. Rampa vil vere open så lenge Arefjordvegen er stengd.

Statens vegvesen har vore i dialog med Øygarden kommune og politiet, og etatane er samde om løysinga.

– Det er svært mange mjuke trafikantar knytt til Danielsen skulane og idrettsområdet, i tillegg til at det allereie er mykje trafikk frå resten av industriområdet langs Smålonane og Idrettsvegen. Trafikktryggleik har høgaste prioritet, og difor har vi landa på denne løysinga, seier Arnhild Fjose i Statens vegvesen.

Vil evaluere

Statens vegvesen vil følgje tett med på trafikken i Straume-området når Arefjordvegen vert stengd måndag, og rampa ned på riksveg 555 vert opna. Trafikkmønsteret på Straume kan om naudsynt verta endra på kort varsel.

– Vi vil no sjå korleis denne løysinga fungerer. Dersom det vert utfordringar med trafikkavviklinga i Straume-området, må vi eventuelt sjå på andre løysingar, seier Fjose.

Anleggsarbeidet i Arefjordvegen og Bildøyvegen starta opp i august i år, og er ein del av dei førebuande arbeida knytt til nytt Sotrasamband. Det vert utført arbeid med vatn og avløp for Øygarden kommune (ØyVAR),  og sykkeltiltak og opprusting av veg vert gjort på vegner av Vestland fylkeskommune. Det er HGT AS som utfører arbeidet på oppdrag frå Statens vegvesen. Arbeidet er forventa å vere ferdig hausten 2021.

Les også

keyboard_arrow_up