– Stor inspirasjon til vidare satsing

edit today
Årets bedrift blei delt ut på parkeringsplassen utanfor vinnarbedrifta Fabtech, til stor overrasking for administrerande direktør Gert Chr. Strindberg.

– No blei eg nesten litt målløs. Eg pleier jo ikkje det, smilte han, etter han hadde mottatt diplom, blomar og den gjeve klokka som føl med heidersutmerkinga.

Dei siste åra har den gjeve prisen blitt delt ut på Årsfesten til Vest Næringsråd. Slik blei det ikkje i annleis-året 2020. Dermed la Nordea og Vest Næringsråd, saman med jurymedlem og varaordførar Atle Dåvøy ein hemmeleg plan om å overraska bedrifta med prisen.

Fem minutt før planen var å be administrerande direktør komme ut, kom han tilfeldigvis gåande frå ein av verkstadshallane på Ågotnes.

– Vi har hatt steintru

Der blei han presentert for prisen Årets bedrift, og fekk høyre juryen si grunngjeving (les heile lenger nede i saka).
Strindberg blei tydeleg tatt på senga av alle god-orda.

– Dette er inspirasjon. Vi har hatt nokre tøffe år, det er det ikkje tvil om. Men vi har fått mykje til. Det var nok mange som lurte på oss då vi starta i 2016, utan å ha ein marknad. Men vi tilsette folk og vi investerte.

– Det er kanskje ikkje alle som har hatt tru på det. Men vi som har jobba her har hatt steintru, og ikkje minst eigarane. Det er det som har gjort at dette blir ein suksess.

– Vi har turt å satse i ein veldig vanskeleg marknad. Eg trur veldig mykje handlar om å tørre i disse tider.

– Det er veldig spennande tider framover, og noko slikt som dette er berre ein stor inspirasjon til å satse vidare. Så eg må sei tusen takk til Nordea og vest Næringsråd. Vi stortrivs her ute. Eg er sjølv bergensar, men å jobbe her ute er fantastisk.

Verdig vinnar

Årets bedrift blir det ut for 22. år på rad av Vest Næringsråd. I 2020 i samarbeid med Nordea. Prisen har til formål å bidra til å styrke og utvikle næringslivet i Øygarden. Juryen skal i sin avgjørelse legge til grunn en heilheitsvurdering basert på følgende forhold:

Det grøne skiftet, utvikling og lønnsomheit, serviceinnstilling, produktutvikling og digitalisering, sal/marknadsføring inkludert eksport, HMS & kvalitet, bedrifta sin profil- og omdømme.

Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Toft Ledang er ikkje i tvil om at Fabtech er ein verdig vinnar av prisen.

Frå venstre: Margunn Bjørnestad, Nordea, Rikard Toft Ledang, Vest Næringsråd, Kurt Rune Andreassen, Fabtech-styremedlem, varaordførar Atle Dåvøy, administrerende direktør i Fabtech Gert Chr. Strindberg og Nina Remøy Wiik, Nordea.

– Vi er veldig stolt av Fabtech. Dei har drive dette året så langt som mogleg utan å permittere tilsette. Dei har heller lånt ut arbeidskraft til andre bedrifter i området, ja til og med til konkurrentar. Det er utruleg bra. Det syner litt av kulturen vår her ute, vi hjelper kvarandre når det trengs, sa Ledang framfor vinnaren.

– Verkeleg imponerande!

Varaordførar i Øygarden kommune, Atle Dåvøy, har vore ein av tre i juryen bak prisen. Saman med Marianne Furheim frå Straume Mesterbygg og Rikard Toft Ledang. Dåvøy understreka at Fabtech blir lagt merke til også i kommunen.

– Kommunen er veldig stolt av det som skjer hos dykk. Det blir lagt merke til. Vi skjønar det er krevjande i denne tida, og så er det så utruleg kjekt å få høyra slike suksesshistorier. Å sjå at de har begynt å få det til her, og gjer det på denne måten, er veldig flott. Verkeleg imponerande. Forhåpentleg blir de endå sterkare med dei investeringane som er gjort. Lukke til, sa Dåvøy.

Fabtech

Desse har vunne Årets bedrift tidlegare:

  • 1998: Nutec Sotra og Sartor Shipping
  • 1999: Coast Center Base
  • 2000: FMC Kongsberg Subsea
  • 2001: Blom Fiskeoppdrett
  • 2002: Radio Sotra
  • 2003: Sotra Marine Produkter
  • 2004: VEX-Gruppen
  • 2005: Liegruppen
  • 2006: Sartor Storsenter
  • 2007: Net El- torget og Sartor Maskin
  • 2008: Straume Næringspark
  • 2009: Sotra Fiskeindustri
  • 2010: AGR Field Operations
  • 2011: Turbuss Vest
  • 2012: Coast Center Base
  • 2013: Telle Gruppen
  • 2014: Kobbeltveit Golf og Naturpark
  • 2015: ACOS
  • 2016: Kystmuseet i Øygarden
  • 2017: Cornelius Sjømatrestaurant
  • 2018: Sotra Bil
  • 2019: Straume Mesterbygg
  • 2020: Fabtech

Her er juryen sin begrunnelse for utmerkelsen Årets bedrift 2020:

Årets bedrift startet opp i nåværende innpakning i 2016, men har egentlig eksistert i flere tiår!

Midt i en vanskelig periode var det større aktører som ikke så andre muligheter enn å bygge ned sine tjenester. Nettopp da valgte dagens eiere å satse på å bygge opp et nytt kompetansemiljø, sammen med noen av de mest erfarne innen vedlikehold og modifikasjoner.

Helt fra starten var det viktig at de ansatte fikk være med på eiersiden i Årets Bedrift. Det startet med å ansette 12-15 av de mest kvalifiserte medarbeiderne de kunne få tak i, og de har i perioden frem til i dag vokst til mer enn dobbelt så mange ansatte – til tross for en rekke markedsutfordringer og sist, men ikke minst den pågående pandemien.

Fremdeles er den viktigste drivkraften for de ansattes og eierne å utvikle en bærekraftig, topp moderne virksomhet. Ledelsen involverer de ansatte og driver en forbilledlig utvikling av arbeidsmetoder, digitalisering og robotisering av produksjon og arbeidshverdagen. På tross av investeringer i blant annet Europas mest avanserte sveiserobot med kunstig intelligens, er det ikke målsetningen til ledelsen å la maskiner overta for mennesker. De ønsker bare bli den mest effektive og leveransedyktige leverandøren i sin bransje!

Juryen til Årets bedrift trekker frem det grønne skiftet, produktutvikling og digitalisering samt bedriftens profil- og omdømme som de sterkeste kjennetegn hos årets vinner. En samlet helhetsvurdering gjør at årets bedrift i Vest Næringsråd 2020 ER: Fabtech AS v/Gert Christian Strindberg og de ansatte!

Gratulerer på vegne av Vest Næringsråd og Nordea. 

Les også

keyboard_arrow_up