Takk for at du er medlem!

edit today
Takk til dei 38 nye bedriftene som har meldt seg inn i år! Takk til dei 1000 nye følgjarane på Facebook! Takk for at du bryr deg og gir melding tilbake, heiarop eller korrigeringar.

Tenk om vi kunne vaksinera oss mot all uvisse. Privat næringsliv veit kva det vil sei at framtida er uviss. Og dette året har fleire av oss kjent på det å misse kontroll. Likevel satsar vi på det vi trur på. Gir alt – same kva vi støyter på.

Det har også vi gjort i år. Vi har aldri hatt fleire og større hinder. No er året snart omme, og dei næraste hindera er forserte:

  • Vi har fått eit avklart forhold til kommunen gjennom partnaravtale
  • Vi har fått tillit til å driva Gründerparken Vest vidare

Det står berre att å vinna over viruset. Det skal vi klare om ikkje lenge.

Vi seier takk, og vi ønskjer deg ei god jul og eit betre nytt år! No ser vi framover.

Helsing (og tenkt klem) frå Rikard, Anders og Sirianne.

Les også

keyboard_arrow_up