Ti nye millionar i krise-støtte

edit today

– Norsk næringsliv kjempar ein hard kamp, og eg vil de skal vita at vi spelar på lag med dykk, seier stortingsrepresentant Ove Trellevik (H).

Berre dagar etter at Øygarden næringsutvikling har delt ut 4,34 millionar kroner fordelt på 38 kriseramma bedrifter, får kommunen over ti millionar ekstra til utdeling.

– Dei tidlegare krisepakkene treff, men ikkje heilt hundre prosent. Då er det greitt at kommunane som sit tett på lokalt næringsliv kan sørga for at dei som fell mellom to stolar blir ivaretatt, seier Trellevik.

Han fortel om dialogen han har hatt med kommunane rundtom i landet, og at tilbakemeldingane har vore at det har vore behov for meir søtte.

– Det har vore eit gap mellom det kommunane opplever som behov, og det vi har bidratt med tidlegare, meiner han.

Brei politisk einigheit

Det var regjeringspartia Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre som saman med Framstegspartiet som blei einige om å gje 500 millionar ekstra fordelt på alle Norges kommunar, i tillegg til dei 500 millionane som Regjeringa foreslo til kommunene med arbeidsløyse over landsgjennomsnittet.

Etter at milliarden er fordelt blir næringslivet i Øygarden tildelt 10 189 112.

Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Toft Ledang, meiner det er rettferdig av Stortinget å bidra meir til bedriftene i vår region.

– Næringslivet i Øygarden har stått for enorm verdiskaping i ei årrekkje, og no er det deira tur til å få hjelp og støtte til å utvikla seg vidare, meiner Ledang, som dagleg får tilbakemelding frå medlemmar om det store behovet for hjelp i korona-krisa.

Ingen føringar frå Oslo

– Vi merkar eit stort behov. Etter den førre tildelinga er det ei blanding av stor takknemlegheit, men også skuffelse frå bedrifter som ikkje fekk søkt den gong.

Dei ferske midlane kjem ikkje med føringar, anna enn at dei skal gå til verksemder som har kome dårleg ut av andre ordningar. Kriterier for å kunna søkja og kven som skal motta støtte blir opp til kommunane sjølv å bestemme.

Les også

keyboard_arrow_up