Ungdommen no til dags…

edit today
…legg ingenting i mellom. Korleis er det å stå ansikt til ansikt og seia: Det de driv med er ikkje bra?

Det var det dei skulle, nokre av elevane frå Øygarden ungsomsskule.

To veker tidlegare hadde dei hatt besøk frå Equinor Kollsnes & Sture. Verksemda held foredrag, fortalde om kva dei gjer, fortalde om utfordringane. Elevane fekk deretter oppdraget: Om to veker skal de presentera eit valfritt tema for tilsette ved prosessanlegget.

Den utfordringa tok elevane. Nokre valde store alvorlege ulukker. Nokre tok for seg detaljane på molekyl-nivå, medan andre valde «juletreet», korleis denne gedigne innstallasjonen fungerar i prosessen med å henta opp olje og gass.

Fryktlause jenter

Men desse tre, Alida, Sigrid og Marte valde konflikten. Temaene klima og energi. Og så byrja dei, med augene rett i augene på dei tilsette:

– I frå 2010 har utsleppa frå Equinor si verksemd auka med 11 prosent.

– Equinor øydelegg Noreg sitt omdømme!

– Det er ingen tvil om at Equinor er det norske selskapet bidreg til mest klimagassutslepp.

– Equinor har ein lang veg å gå for å bli ein del av klimaløysinga.

Dei Equinor-tilsette klappa høfleg.

– Imponerande, kunne vi høyre.

– Dette står vi for

Men korleis var det for elevane å konfrontera sine naboar på denne måten?

– Eg var litt redd for kva dei skulle tenkje om oss, når vi sa det rett ut. Men det var veldig kjekt. Eg har gleda meg til dette, seier Marte Dale.

– Det er et utrolig viktig tema. Dette står vi for, og dette vil vi snakke om. Det er viktig at nokon seier det som det er, sier Sigrid Sjøstrøm.

– Equinor er eit stort stort energiselskap. Vi må fortelje kva vi syns, og kva tiltak vi meiner dei bør setje i gang, seier Alida Oen Rossnes.

Alle tre frå 9. trinn ved Øygarden ungdomsskule.

– Har godt av å høyre dette

Det er fjerde året Equinor Kollsnes & Sture inviterer til dette samarbeidsprosjektet for 9. trinn. Først besøkjer Equinor skulen og held foredrag for elevane innan ulike temaer knytt til anlegga. I tillegg til emner som berekraft, miljø, klima og anna relevant. Elevane arbeider så i to veker gruppevis med sjølvvalgte emner som dei førebur for å visa fram til dei tilsette på Sture og Kollsnes.

– Dette er ei herleg aldergruppe. Eg trur vi berre har godt av å høyre dette. Vi ønskjer dialog og engasjement. Vi vil at dei skal engasjera seg i den bransjen vi driv, og i framtida. Våre tilsette syns det er kjempekjekt. Dei lærer noko dei også, seier kommunikasjonsleiar Kjersti Nordøy i Equinor Kollsnes & Sture.

Les også

keyboard_arrow_up