– Vi er nære maksgrensa no

edit today
I sommar har Glesvær Kafe fleire gongar opplevd at dei ikkje har plass til å ta imot fleire verken bilar eller besøkande. 

Jon Steinar Midland har aldri hatt meir å gjere, men kor mykje han jobbar har vi lova å ikkje fokusera på. Må berre nemna at han denne føremiddagen er på plass i kafeen litt over fem timar etter at han la seg natta før.

– Eg trudde det skulle bli mindre jobb når det begynte å gå betre, men det blir berre meir, seier han og smiler.

– Dei siste ti åra har eg kvart år sagt til meg sjølv at eg ikkje går ein sommar til utan å tilsetja ein kokk.

Men det skjer aldri. Han står ved grytene sjølv. Med ekstrahjelp på kjøkkenet kjem han seg gjennom sommaren igjen. Sjølv om han må ta natta til hjelp.

Klokka 04 la han seg i går. Då var han ferdig med å gjera alt klart til middagsserveringa i dag.

– Vi har mange kundar i år, og derfor må eg lage alt klart natta før for å bli ferdig. Det er vanvettig med folk her til tider. Tidlegare kunne eg klare meg åleine på kjøkkenet om sommaren, men no kan eg ikkje det.

Kjent merkevare

2. juni hadde kafeen 20-årsjubileum. I 2001, første året, heitte bedrifta «Bakeriet 1925» og blei drive av Thorvald Bakke. Året etter selde han vidare til Jon Steinar Midlang som sidan då har halde liv i bygget med merkevara Glesvær Kafe. Første open annakvar helg, no open dei aller fleste dagar året rundt.

– Før fekk vi telefonar om kor kafeen var, og om det gjekk an å kjøra bil hit. Men no ringjer folk berre for å høyre om det er opent. Folk som kjem med bil er den desidert største kundegruppa, fortel Midlang.

Rundt 25 000 mennesker besøkjer kafeen kvart år, og ingen ringer lenger for å spørje kor den er. Namnet er blitt godt kjent og kafeen godt likt.

Rekordomsetning

Klokka slår 11 og døra går opp. Inn kjem ein familie på fem. Dei kjøper is, kaffi og bollar. Og lappar. På 20 år har Midlang rekna ut at det er laga og seld over 200 000 surmelkslappar.

– Ofte er det mykje folk her når vi opnar kl. 11. Dei står utanfor og ventar, fortel han.

Denne dagen har regnet akkurat gitt seg, og dei tilsette får ein roleg start. På finversdagar har dei ti tilsette det travelt.

– Vi har veldig gode dagar, men vi har også veldig dårlege dagar. Ver og vind speler inn. Men trass i at vi ikkje har hatt turistbussar ut hit på halvanna år sel vi likevel meir enn før. Dersom bussane også kjem tilbake, då trur eg eg går og gøymer meg, seier han og ler.

For nett no opplever Glesvær Kafe ei omsetning dei aldri har sett før. Då dei måtte fjerne fleire bord på grunn av avstandskrav omstilte dei drifta til å også selje interiørartiklar. Både i kafeen og gjennom nettbutikk. Dette går unna like fort som nysteikte lappar, og hjelper på økonomien.

– Utviklinga har vore fin. Det er ikkje slik at den plutseleg skyt til vers, det har gått sakte, men sikkert. Dei siste to åra har vi klart å auka omsetninga noko meir. Det er blitt populært å komma hit. Eg veit ikkje om det er maten eller opplevinga, men kanskje det er kombinasjonen av dei to, tenkjer Midlang høgt.

Får kjenne på maksgrensa

Den daglege leiaren er ganske overtydd om at 2021 blir eit rekordår for kafeen. Han merkar det på kassaapparatet, han merker det på trengselen i området og han ser det på køen spesielt i helgene.

– Det er ekstra mykje folk her no. Om det er koronatida som har gjort at folk vil ut veit eg ikkje, men vi er nesten kome til ei maksgrense med tanke på parkering, kapasitet på kjøkkenet og kapasitet på bord og stolar. Nokre dagar når vi grensa, fortel han.

Midlang tar det med fatning. Han har framleis kapasitet når det gjeld catering, og syns dei klarar seg fint med talet på tilsette dei har. Aukar talet på besøkande endå meir må han tenkje på korleis han kan utvide.

– Vi kan ekspandere meir, på fleire måtar, men då kjem vi til eit punkt der vi må tilsetje fleire. Og det er heller ikkje så enkelt. Då blir vi for mange til at det er arbeid for alle på stille haust- og vinterdagar, seier han.

Les også

keyboard_arrow_up