– Vi må lukkast saman

edit today
– Næringslivsbakgrunnen er ei viktig erfaring og ballast. Det kan bidra til å sjå sakene frå ulike sider, sa Johnny Breivik på Februartreffet 2022. Sjå bilete frå treffet nederst.

Den ferske kommunedirektøren understreka at samarbeidet med næringslivet er viktig for kommunen for å nå målet om å verta eit fyrtårn i vest.

– I dag vil eg understreka at vi også må lukkast saman med næringslivet. Eg ønskjer å prioritera innovasjon og utviklingsstrategi, sa Breivik.

To dagar i veka ute

Den første tida vil han ta tid til å verta kjend med organisasjonen og tenestene i kommunen og har sett av eín til to dagar i veka for å besøkja tenestestadene. På spørsmål om Øygarden no har fått «næringslivets mann» med tanke på bakgrunnen til den nye kommunedirektøren, svara han:

– Næringslivsbakgrunnen er ei viktig erfaring og ballast. Det kan bidra til å sjå sakene frå ulike sider. Men det er viktig at eg vert oppfatta som «alle sin mann» og at vi må sjå at ting heng saman, sa kommunedirektøren.

Breivik fekk spørsmål og kommentarar knytt til arealbruk, planar og byggjesak. Breivik sa at han har jobba i eigedom sjølv og kjenner problemstillinga godt.

–  Vi har store planar på gang. Dette gjer at underliggjande planar får ein lettare prosess, sa Johnny Breivik.

Det skjer mykje i Energiparken

Kjersti Nordøy som er ny kommunikasjonsleiar for Northern Lights-prosjektet fortalde kva som har skjedd det siste året i Energiparken, og kva planen for 2022 er. Northern Lights er ein del av Langskip-prosjektet og omfattar transport, mottak og lagring av CO2. I 2022 vil ein mellom anna ferdigstilla kaien og eit større bygg på anlegget som omfattar administrasjon, visningssenter og kontrollrom.

Sundag 24. april inviterer Northern Lights til open dag på anlegget.

På februartreffet var det elles betraktningar frå Onlinepsykologene ved André Clausen og Kyrre Dyregrov og orientering ved advokat Einar Drægebø om kva konsekvensar endringane til den nye regjeringa vil få for næringslivet.

18 turar til Liatårnet

Benjamin Torsvik og Hans Jarle Einarsen oppmoda alle om å delta på Krafttak mot kreft. Den 23. april vert det invitert til Strilasløyfo der Torsvik skal gå 18 turar til topps på ein dag i håp om å samla inn pengar til årets Krafttak mot kreft-aksjon.

(Tekst og bilete i samarbeid med Vigleik Brekke, Øygarden kommune)

Les også

keyboard_arrow_up