– Vi skal kutte utsleppa, ikkje utviklinga

edit today
Statsminister Erna Solberg var stødig både med spade og bodskap då ho la ned grunnsteinen for det nye administrasjonsbygget til Northern Lights.

Regjeringen vil kutte utslepp på ein måte som omstiller Noreg til å bli eit lågutsleppssamfunn, og samtidig leggje til rette for grøn berekraftig vekst, og som sørger for tryggheit, velferd og arbeidsplassar. Vi skal kutte utslippene, ikkje utviklinga i Noreg, sa Solberg før ho tok spaden fatt og fylte over grunnsteinen.

Solberg kom til Energiparken onsdag også for å få ei oppdatering om kor langt CO2-lagringsprosjektet i Naturgassparken har kome. Der fekk ho nyheita om at verdas første mottaksanlegg for CO2 allereie har bestemt seg for å utvida tomteområde nordover og gjera seg klar til framtidig utviding.

Kunne lett fylt opp 800 mål

– Vi kjem også til å planera større ut her for å gjera oss klare til å ekspandera og for å kunna ta imot fem millionar tonn årleg, sa administrerande direktør i Northern Lights, Børre Jacobsen.

Berre fantasien set grenser for kor store ringverknader prosjektet kan gje området, Øygarden, regionen og Noreg. Pågangen er så stor frå verksemder verda rundt, at CCB Energy Holding kunne ha fylt opp tomtearealet på 800 mål innan kort tid.

– Men vi er opptekne av å tiltrekka oss bedrifter med ein tydeleg grøn profil. Utfordringa er kraftsituasjonen. Og tempoet er styrt av den situasjonen, sa Ronny Haufe i CCB Energy Holding.

– Viktig for verda

Equinor-topp Anders Opedal meiner arbeidet med verdas første mottaksanlegg for CO2 er unikt nybrottsarbeid.

– Dette er ein viktig hending for Equinor, Shell og Total, for industrien for Øygarden og Vestland, men også for Noreg, Europa og eg dristar meg til å seie også verda. For dette er eit unikt prosjekt, sa Opedal.

Ordførar Tom Georg Indrevik leia frukostmøtet med statsministeren, som hadde følgjande personar rundt bordet:

  • Børre Jacobsen, administrerende direktør Northern Lights
  • Anders Opedal, CEO Equinor
  • Rikard Toft Ledang, daglig leder Vest Næringsråd
  • Anita Mannes, daglig leder Øygarden Næringsutvikling
  • Ronny Haufe, CEO CCB Energy Holding
  • Helene Mørne, daglig leder Carbonor AS
  • Arild Selvig, CEO ZEG Power AS

– Det grønne skiftet skjer akkurat no, og i Øygarden. Vi er utruleg stolte og takksame for at vi er vertkommune for dette anlegget som er ein del av klimaløysinga. Eg lovar at vi skal leggje til rette så godt vi kan for at dette skal vere ein katalysator for utvikling av grøne arbeidsplassar både lokalt og regionalt, sa Tom Georg Indrevik.

Les også

keyboard_arrow_up