Vil ha flyktningar raskt ut i arbeid

edit today
Øygarden kommune søkjer om støtte til prosjekt som skal få flyktningar busett og raskt i jobb. Vest Næringsråd blir samarbeidspartnar.

Tidlegare Fjell kommune gjennomførte prosjektet «Rett i jobb». No søkjer kommunen Utlendingsdirektoratet og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet om støtte på 3,15 millionar kroner årleg over to år til eit prosjekt som er tilpassa den aktuelle situasjonen med kraftig auke i talet på akuttinnkvartering og busetjing av flyktningar.

– Målet er å få på plass eit hurtigspor både for busetjing av flyktningar som har fått svar på søknad om asyl og eit hurtigspor med å kunna å gå rett i jobb utan å gå vegen om eit introduksjonsprogram, seier koordinator for flyktningmottak, Monica Pedersen.

Behov for samarbeid med næringslivet

Prosjektet inneber mellom anna å etablera rutinar for sjølvbusetjing, elektronisk kartlegging av dei som bur i statleg mottak, utvikling av kartoversikt over ledige bustader og ledig kapasitet i barnehage og skule.

– Vi ønskjer også å ta i bruk og utvikla ressursane til den enkelte gjennom samarbeid med næringslivet. Vi ønskjer å inngå ein samarbeidsavtale med Vest Næringsråd. Denne organisasjonen har nær 400 medlemmer og vil kunna halda dialog med medlemsbedriftene og presentera aktuelle kandidatar for arbeid, seier Pedersen.

– Vi treng arbeidskraft

Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Ledang, seier at næringsrådet er positiv til dette prosjektet og vil gjerne bidra.

– Næringslivet i Øygarden har behov for arbeidskraft, og eit slikt samarbeidsprosjekt kan bidra til at næringslivet får tilført tiltrengt arbeidskraft, Ledang.

Målet er å få på plass tilsette i prosjektet innan 1. juni.

Formannskapet tilrår at Øygarden kommune vedtek ei ramme på 250 busetjingar av flyktningar i 2022. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret den 24. mars. Utlendingsdirektoratet legg til for akuttinnkvartering i kommunen med 150 plassar.

Tekste: Vigleik Brekke

Les også

keyboard_arrow_up