Vil la pendlarar innta ledige kontor

edit today
Nesten ti tusen pendlar ut av kommunen til jobb. No foreslår Venty at bedrifter i Øygarden som har ledige kontor, opnar dørene for desse mens Sotrasambandet blir bygd.

– Min tanke er at personar som jobbar i bedrifter på andre sida av brua skal få eit tilbod om å unngå køen. Det finns mange ledige kontor i kommunen, seier Endre Damm, dagleg leiar i ventilasjonsbedrifta.

På grunn av lengre reisetid denne våren har det blitt endå vanskelegare for pendlarar å rekke alle gjeremål i løpet av dagen. Køen til og frå Bergen har starta rekordtidleg, og strekkjer seg nokre morgonar frå Fjell i sør og frå Kolltveit i nord.

«Kontordelering»

– Vi har montørar ute på vegane, og dei må få vera der. Men no stel reisetida mykje tid, og arbeidsdagane deira er gjerne 6,5 i staden for 7,5 timar. Det er ei stor utfordring for oss til tider, forklarar han.

Ein del av pendlarane må vera der jobben er, men Damm trur ein rimeleg «kontordelering» kan vera ein del av løysinga for andre. Etter pandemien er ikkje heimekontor eit godt alternativ for alle. I tillegg peikar han på at vi bur trongare, gjerne i leilegheiter, og at det kanskje er fleire i bustaden som skal jobbe heimefrå.

– Då kan det kanskje vera fint om den eine kan ha kontor ein annan stad i nærleiken, meiner Damm.

Forslaget er eitt av mange som nok vil bli drøfta på Arbeidsmøte om trafikksituasjonen førstkommande tysdag:

Les også

keyboard_arrow_up