Vil styrke samarbeidet mellom skule og næringsliv

edit today
Desse seks har sparka i gang eit forbetra samarbeid mellom næringslivet og utdanningsinstitusjonane i Øygarden.

– Vi har eit godt samarbeid, men det kan alltid bli endå betre, seier rektor Torstein Telle ved Sotra vidaregåande skule.

Telle er ein av initiativtakarane til ressursgruppa som skal leiast av Per C. Aarsand. Ressursgruppa, eller arbeidsutvalet om du vil, skal fungere som rådgjevande organ og høyringsinstans for næringslivet i regionen i utdanningssaker.

Andre viktige oppgåve blir å skapa møteplassar og vera ein kompetansebyggar gjennom å:

  • Arbeide for at skulane dekkjer næringslivet sitt behov innan ulike fag og linjer
  • Bygge relasjonar mellom næringsliv og skulesektoren
  • Arrangere studieturar og bedriftsbesøk
Vil du bidra?

– For at vi skal få til dette treng vi hjelp frå endå fleire engasjerte næringslivsleiarar og skuletilsette. Alle som brenn for dette samarbeidet kan melde seg til oss med det dei ønskjer å løfte fram, seier Per C. Aarsand, som er innleigd prosjektleiar av Vest Næringsråd.

Gründer, eigar og drivar av Torsvik Elektro, Peder Torsvik, har tru på at dette fornya samarbeidet vil gje gode resultat.

– Det er veldig viktig at skule og næringsliv speler på lag. For næringslivet handlar framtida om å få tak i rett arbeidskraft, og der er skulen viktig. I denne gruppa jobbar vi saman, og det ser eg veldig positivt på, seier han.

Har mangla struktur

Rektor Torstein Telle ved Sotra vidaregåande skule meiner samarbeidet dei har med næringslivet er godt, men at det kan systematiserast betre.

– Vi har mangla struktur på samarbeidet. Får vi det til utan å ta for store steg om gongen, så er det veldig bra.

– Kvifor er det viktig for deg at skulen din samarbeider med næringslivet?

– Heile utdanningsløpet er viktig. At elevane begynner på noko og fullfører. Vi treng ikkje berre læreplassar, vi treng også eit samarbeid med næringslivet for å visa elevar som tek studiespesialiserande kva moglegheiter den retninga gir til høgare utdanning og arbeid i regionen, meiner rektoren.

Les også

keyboard_arrow_up