– Eg håpar vi får gjere dette oftare
– Det er eit ganske bra program. Smart å ha oppgåver ute i staden for å gjere alt inne, meiner Nicolai Hjørnevik Ramberg, som samarbeida med Øystein Vik (t.h.) denne timen.

– Eg håpar vi får gjere dette oftare

24. januar | Tekst: Anders Ekanger
Med raude kinn og kalde hender – ute av klasserommet – går elevane rundt i skulen sitt nabolag og repeterer dei to siste vekene med undervisning.

– Her! 55 x 8?


Øystein Vik bråstoppar. Han og klassekamerat Nicolai Hjørnevik Ramberg har fått opp på skjermen at dei er på riktig plass. Øystein løfter ansiktet og ser mot himmelen, mens han strekker fram ein etter ein finger på venstrehanda. Han tenkjer. Reknar hardt i hovudet.


– 440, kviskrar han, mens han noterer det på nettbrettet. Beina har allereie begynt å gå mot neste punkt.


Tilbake til start

Det er føremiddag i klasserommet til 6B på Kolltveit skule. Nokre av elevane syns nok det er godt å sette slik. Andre har begynt å vri på seg. Lærar Bente Sandvik trykker på tavla. Ho tar i bruk verktøyet for uteskule, Poplar, ei lokal oppfinning utvikla av Sotra Villmarkssenter.


– Eg har gjort klart dette til dykk, og de skal få gå ut og løyse oppgåver i denne timen, seier ho.


Læraren deler elevane inn i grupper som hentar seg eit nettbrett og er i gang. Elevane skannar ein QR-kode på veggen og snur seg mot døra. Racet er i gang. Sjølv om det ikkje er om å gjere å vera raskast går det unna å komme seg ut.