For ungdom
Har du lyst på jobb i vinterferien? For at du skal bli litt betre kjent med bedriftene og jobbmoglegheitene i Øygarden, får du sjansen til å jobba og tena pengar i vinterferien.
Slik søkjer du
Nedanfor ser du alle bedriftene som tilbyr jobb, og kva jobben går ut på. Dette er heilt på ekte, akkurat som når mor eller far din søker ny jobb. Les stillingsannonsene under og sjå om du finn ein jobb som kan passe for deg. Du kan søke på maks tre stillingar.
Dersom du er aktuell til stillinga du søkjer på, vil bedrifta kalle deg inn til intervju. Då må du vera på hogget og svara raskt. Bedriftene vel kven som får tilbod om jobb. Dei som får jobbtilbod må signera ein arbeidsavtale saman med foreldrene.
Sjølv om vi håpar alle 10. klassingar som ønskjer det får jobb, er det ikkje sikkert. Det kjem an på kor mange jobbar som er ledige. Det å øve på å skrive søknad og gå på eit jobbintervju vil uansett gje deg kunnskap og erfaring som du får nytte av neste gong du søker jobb.
I Læring i næring - Øygarden foregår alt heilt på ekte. Akkurat som når mor eller far din søkjer ny jobb.