Bedriftene i Fjell har allereie knust sin eigen givar-rekord til TV-aksjonen. Nabobedriftene i Sund og Øygarden har framleis sjansen.
− Det er heilt fantastisk. De som har ringt har bidratt, og ikkje minst dei over femti bedriftene som ikkje berre har gitt, men sett nye rekordar i å gje. Så at people care, det er det ikkje tvil om, sa Tony Ågotnes etter at næringslivsdugnaden var over.
Han var ein av 18 frivillige frå Gründerparken Vest og næringslivet som var med og samla inn pengar då TV-aksjonen blei sparka igang med dugnad i Nye Øygarden kommune.
Sjå bileta frå dugnaden nederst i saka!
Resultatet var fordelt slik mellom kommunane som syng på siste verset:
- Næringslivet i Fjell har allereie knust rekorden frå i fjor, og er etter dagens ringerunde oppe i 86 154 kroner. Alltid oppdaterte tal her: Fjell
- I Sund har næringslivet til no gitt 31 201 kroner til aksjonen, rekorden frå 2016 er på vel 38 000. Alltid oppdaterte tal her: Sund
- Næringslivet i «gamle» Øygarden er oppe i 21 000 kroner no. I fjor gav dei over 34 000. Alltid oppdaterte tal her: Øygarden
Tala aukar så lenge bedrifter fortset å gje, heilt fram til 20. oktober. Her kan du bidra: https://blimed.no/
Støttar kvinner spesielt
Årets TV-aksjon går til CARE sitt arbeid for å skapa eit betre liv for kvinner i nokre av dei mest sårbare områdene i verda. TV-aksjonen skal gje kvinner moglegheit til å tene sine eigne pengar, bestemma over eigen kropp og få si stemme høyrt.
CARE jobba for å gje kvinner økonomisk fridom ved å etablera spare- og lånegrupper i lokalsamfunn.
Det hjelper dei til dømes med å:
starte frisørsalong
- få kjøpa seg ei symaskin
- starte butikk
- starte sykkeltaxi
- opne ein liten restaurant
- sende borna på skule
- tilsetja fleire kvinner i bedrifta si
For 5500 kroner kan di bedrift bidra til å starta ei spare- og lånegruppe som hjelper 25 kvinner ut av fattigdom.
For 22 000 kroner kan CARE dermed starta og drifta fire spare- og lånegrupper for 100 kvinner i eitt år.
Her finn du ut korleis di bedrift kan bidra: www.blimed.no/næringsliv