Eit arbeidsmiljø og kontorfelleskap for gründerar og oppstartsbedrifter som vil bidra til å skapa arbeidsplassar i Øygarden.
Vi legg til rette for deg som ønskjer å skapa arbeidsplassar, uansett om ønsket kjem fra ein heilt sprø innovativ idé, eller eit sterkt ønske om å starte for deg sjølv.
Møteplass for oppstartbedrifter i Øygarden
Rimelege kontor av ulik storleik, møterom og fellesareal
Drop-in-plass for deg som vil møta andre etablerarar
Kurs og seminarer med kompetanse- og finansieringsmiljøet
I Gründerparken Vest er du del av eit fellesskap med andre som er etablerarar av eiga bedrift.
Kva får du tilgang til?
Som leigetakar i Gründerparken Vest har du i tillegg til kontorplassen som du leiger tilgang til:
- Fellesareal med kjøkken, spisebord, sanitæranlegg, multifunksjonsskrivar og mingleområde.
- To møterom med videokonferanseutstyr.
- Gjennom digitale flater i mingleområdet og på nettsida til Gründerparken blir gründerbedrifta di synleg.
- Vest Næringsråd som har driftsansvar for gründerparken har eit stort nettverk av bedrifter i Øygarden og Bergen. Desse deler sin kunnskap og kompetanse på ulike møteplassar, også i direkte møte med gründerar. Når du har kontorplass i Gründerparken Vest, har du fri tilgang til Vest Næringsråd sine arrangement i Straume Teknologisenter.
- Øygarden kommune har samarbeidsavtale med Etablerersenteret. Dei er ein viktig aktør for nyetablerarar og tilbyr blant anna ei rekke kurs. Vest Næringsråd har tett dialog med Etablersenteret. Målet er å maksimere effekten av desse tilboda, til det beste for gründerane.
- Den aller viktigaste faktoren med å vera del av eit gründerfellesskap er å bli kjent med andre gründerar, for deling av kunnskap og erfaringar.
Forventningar
For å få mest mogleg ut av fellesskapet har Gründerparken Vest desse forventningane til deg.
- Bruk fellesareala aktivt. Det skjer mykje deling gjennom den uformelle praten i lunsjen eller andre pausar.
- Ta ein tur innom kontoret til ein av dei andre når det passar sånn.
- Vêr nysgjerrig. Still spørsmål.
- Del aktivt med dei som er lengre nede i gründertrappa.
Det er mange måtar å dele på. Til dømes kan det vera gjennom den uformelle praten, gjennom planlagde innlegg på felles faglunsjar eller at ein bruker litt tid på å koordinere ein aktivitet som skulebesøk eller liknande.
Trappetrinn
Gründerskapet har ulike fasar. For å modne deg som gründer og gjere deg gradvis meir sjølvstendig, har vi ein trappetrinnsmodell.
Dei ulike fasane vil innebere:
- Ulike trinn for kostnadsnivå for deg som leigetakar
- Ulik oppfølging
- Ulike forventningar
Fase 1: Låg husleige, to oppfølgingssamtalar i året, aktiv deltaking i fellesskapet
Fase 2: Noko høgare husleige, ein oppfølgingssamtale i året, aktiv deltaking i fellesskapet, meir ansvar for eventuelle nyetablerte
Fase 3: Øvste trinn for husleige, ein oppfølgingssamtale i året, aktiv deltaking i fellesskapet, meir ansvar for deling av dine erfaringar
Fasane vert tema i 1 til 1- oppfølgingssamtalar mellom deg som gründer og Vest Næringsråd som forvaltar drifta. Formålet med 1 til 1 – samtalane er å avklare behov for støtte, fagleg påfyll og tiltak for deling av kunnskap.
Aktivitetar og årshjul
Aktivitetar i Gründerparken Vest kan variere ut frå behov, men utgangspunktet for aktiviteten er eit årshjul.
Kan dette vera noko for deg? Ikkje nøl med å ta kontakt!