Renate får prisen
Foto: Dorthe Iselin Austevoll

– Eit forbilde innan leiarskap

09. november | Tekst: Anders Ekanger
Den første kvinnelege hovudtrenaren i norsk herre-toppfotball, Renate Blindheim, blei Årets fyrtårn i Vest Næringsråd.
Prisen «Årets fyrtårn» vart delt ut første gong i 2018. Denne prisen går til ein person som har hatt ein spesiell positiv betydning for næringslivet eller lokalsamfunnet i regionen – gjennom sitt engasjement, arbeid eller leiarskap. 

Grunngjeving frå juryen:

Eit fyrtårn viser veg og i overført betydning blir det brukt om leiarskap eller personar som er eit forbilde. Denne beskrivinga passar godt til vinnaren av årets fyrtårn.

Vinnaren har vist veg med stødig leiarskap i ein bransje med sterk resultatbasert kultur. Tillitsbygging, relasjonsleiing, taktikk og kommunikasjon er nokre av stikkorda for leiarskapet til vinnaren. Kompetansen til vinnaren blir lagt merke til og blir nytta langt utover Øygarden. 

Vinnaren er leiar i ein bransje kor det er mange sterke meiningar, men som også bygger stoltheit i lokalsamfunnet. I 2025 er resultata veldig gode for vinnaren som bygger lag og er den første i landet av sitt slag. Det er mange overføringsverdiar mellom leiarskap i idrett og næringsliv, som vi kan lære meir av.

Juryen for «Årets fyrtårn» ønsker å løfte fram trenaren som har hatt suksess med å bygge eit vinnarlag i ein stor lagidrett, og som er den første kvinnelege hovudtrenaren i norsk herre-toppfotball.   

Vinnaren av «Årets fyrtårn» er trenaren for Sotra Sportsklubb sitt herrelag: Renate Blindheim.

Renate får prisen

Tidlegare vinnarar:
  • 2018: Kåre Bjorøy
  • 2019: Kari-Anne Landro, Marianne Sandahl Bjorøy og Børge Haugetun
  • 2020: Jarle Vindenes
  • 2021: Hans Jarle Einarsen
  • 2022: Ottar Vik
  • 2023: Kurt Rune Andreassen
  • 2024: Ingvild Skorpen Bøge