«Øygarden er ikkje attraktiv med det trafikale hjerteinfarktet vi har i dag»
Fleire verksemder som er direkte involverte i prosjektet melder også om behov for å omdisponere personell og risiko for tap av viktig kompetanse.
- Dette stadfestar det mange bedrifter har fortalt oss over tid. Trafikkutfordringane handlar ikkje berre om kø og transport. Dei påverkar evna til å skape verdiar, rekruttere medarbeidarar, investere og utvikle bedriftene vidare, seier Kari-Anne Landro, dagleg leiar i Vest Næringsråd.
Slit med å behalda arbeidskrafta
Undersøkinga viser at mange bedrifter er bekymra for om dei klarer å rekruttere og halde på arbeidskraft så lenge trafikkutfordringane varer. Samtidig går verdifulle arbeidstimar tapt i kø, noko som fører til auka kostnader og redusert produktivitet.
Fleire bedrifter fortel at uvissa rundt ferdigstillinga av prosjektet gjer det vanskelegare å planlegge for framtida.
Nesten ein tredjedel av bedriftene oppgir at dei må utsetje eller endre investeringsplanane sine som følgje av forseinkingane.
Utdrag frå fritekst-felt i undersøkinga:
«Veldig vanskelig å planlegge på lang sikt. Endeløse køer hver dag. Ansatte slutter. De orker ikke mer. De trodde lenge at vi visste når Sotrasambanet åpner. Nå aner de ikke og håpet er borte, det daglige håpet.»
«Inntekter forsvinner. Kunder finner andre steder å levere / handle.»
«Jeg er avhengig av forståelse fra mine kunder dersom mine tjenester blir forsinket eller forhindret grunnet kø.»
«Øygarden er ikkje attraktiv med det trafikale hjerteinfarktet vi har i dag. Det blir derfor vanskelig å konkurrere med områder som har god trafikkflyt.»

- No må vi få ein opningsdato
Vest Næringsråd er bekymra for at det drar ut i tid å få ein ny dato for opning av sambandet, og meiner dette kan få ringverknader for både sysselsetting, attraktivitet og vidare næringsutvikling i regionen.
- Næringslivet er avhengig av føreseielege rammevilkår. Når eit så viktig infrastrukturprosjekt blir utsett, skaper det usikkerheit. Svara frå medlemsbedriftene viser at situasjonen blir opplevd som alvorleg, og at behovet for ei avklaring er stort, seier Kari-Anne Landro.

Om undersøkinga
Undersøkinga er gjennomført blant medlemsbedriftene i Vest Næringsråd. 48 bedrifter frå mellom anna bygg og anlegg, energi, olje og gass, industri, handel, service, reiseliv og rådgjevande tenester har delteke. Fleirtalet er små og mellomstore verksemder. Oppsummeringa er sendt som pressemelding til media. Den er også sendt til ordførar, og blir lagt som notat til Formannskapet.