Flyktningar fekk jobb i full fart
Med bakgrunn i tidlegare samarbeid tok ho kontakt med programrådgivarane ved Øygarden lærings- og integreringssenter, og fortalde kva behov ho hadde.
– Eg treng folk som kan jobba, og helst starta i morgon, sa Smedhaug.
Snudde seg kjapt
Blant deltakarane i introduksjonsprogrammet var det stor arbeidsvilje, og programrådgjevarane valde ei gruppe som fekk tilbod om gruppeintervju allereie dagen etter.
Til saman sju personar vart mellombels tilsette ved CCB Camp. Dei har ulik bakgrunn, mellom anna faglærte kokkar frå Ukraina og ein butikkmedarbeidar frå Kongo.
Det dei hadde til felles, var stor motivasjon for å jobba. Grethe Smedhaug er svært nøgd med samarbeidet.
– Dei tilsette vi har fått frå introduksjonsprogrammet, viser god arbeidsmoral og gjer ein god jobb for oss. Det var fantastisk at dei kunne stilla opp på så kort varsel, seier ho.

Dette er introduksjonsprogrammet
Flyktningane som deltek i introduksjonsprogrammet i Øygarden kommune, har eit breitt spekter av kompetanse, erfaring og personlege eigenskapar. Dette er ressursar som kan vera nyttige for arbeidsplassar i heile kommunen.
Introduksjonsprogrammet er eit individuelt tilpassa fulltidsprogram for nykomne flyktningar. Målet er å gje deltakarane grunnleggjande ferdigheiter i norsk, innsikt i norsk samfunnsliv og førebuing til arbeid eller utdanning. I mai 2026 har introduksjonsprogrammet i Øygarden kommune 75 deltakarar. Alle desse har ein programrådgivar som kjenner dei godt. Programrådgivarane kan bidra til at overgangen til arbeid går smidig, og dei kan støtta både arbeidsgjevarar og deltakarar i oppstartsfasen.
Her er kandidatane
Fleire deltakarar er klare for arbeid eller ønskjer arbeidspraksis for å få relevant erfaring og byggja nettverk i lokalt arbeidsliv.
Kommunen ønskjer difor kontakt med fleire arbeidsgjevarar som kan opna dørene for arbeidspraksis eller jobb.
Deltakarar som er klare for arbeid, eller som treng arbeidserfaring gjennom arbeidspraksis, finn du her: Deltakere - Lærings- og integreringssenter
Synest du dette høyrest interessant ut? Les meir og finn kontaktinformasjon her: Kan arbeidsplassen din opne dørene til arbeidslivet for ein flyktning? - Øygarden kommune