
Ny nettside - nytt medlemssystem - nyt det!
– Målet vårt er at du som medlem skal få endå meir ut av medlemskapet. Den nye nettsida gir moglegheiter til nettopp det, moglegheiter som vi ikkje har kunna tilby tidlegare, seier dagleg leiar Kari-Anne Landro.
Her er tre ferske moglegheiter for medlemmar:
Send inn aktivitet: Står bedrifta di bak eit arrangement du vil la andre medlemmar bli merksame om? Send det inn, og få det med i kalenderen vår! Kalenderen kan du no filtrere på våre arrangement (Vest Næringsråd sine) og eksterne arrangement (medlemmane sine).
► Her er arrangementskalenderen!

Send inn medlemsnyheit: Noko nytt du vil dela med andre? Flytting, ny kontrakt, jubileum, ny sjef, alt mogleg. Send det inn og vi publiserer på nettsida.
_1.jpg)
Send inn medlemstilbod: Vi samlar tilbod frå medlemmar til andre medlemmar på ei og samme side. Alt frå teambuilding og fysioterapi til tilbod på ny firmabil.
► Her finn du alle tilboda samla!

Du kan også enkelt sjå kven som er dei aller ferskaste medlemmane våre, og søke opp andre medlemmar filtrert på bransje:
