Tidslinje

Arbeid med kommuneplanen sin arealdel (KPA)

17. september | Tekst: Kari-Anne Landro
Kommuneplanen sin arealdel er viktig for næringsutviklinga i Øygarden dei komande ti åra.
Planen legg rammene for kvar det kan byggjast bustader, etablerast næringsverksemd, utviklast infrastruktur og takast omsyn til viktige natur- og friluftsområde.

For næringslivet har arealdelen stor betydning. Tilgang til eigna næringsareal, gode transportløysingar og føreseielege rammevilkår er avgjerande for at bedrifter skal kunna veksa, og for at nye arbeidsplassar skal finne vegen til kommunen. 

Kort sagt verdiskaping. 

Val som blir gjort i arealplanlegginga i dag, vil difor påverke utviklinga av næringslivet i kommunen i lang tid framover.

Vest Næringsråd følgjer difor dette arbeidet tett. Gjennom dialog med medlemsbedrifter, politikarar og kommune-administrasjonen arbeider vi for å synleggjere næringslivet sine behov. Vi  bidreg med innspel, og har som mål at Øygarden skal vera ein attraktiv kommune å skapa arbeidsplassar i. 

Her kan du lesa innspela Vest Næringsråd har gitt i dei ulike fasane av arbeidet: