Velkommen til Øygardskonferansen!

Her finn du detaljert program, og informasjon om kva som skjer den 11. november på Kollsnes.

For deg som har bestilt plass i bussen til konferansen:

kl. 07:20 – Avgang frå Bergen Storsenter v/Blomsterpaviljongen
kl. 07:40 – Avgang frå Straume terminal
kl. 07:55 – Avgang frå Ågotnes, busstoppen ved bensinstasjonen
Bussen er merka «Øygardskonferansen»
På returen kan du gå av der du vil.

For deg som kjem med bil:

Følg FV 561 nordover. Etter Osundet bru følgjer du skilta mot Herdlevær og Kollsnes. To minutt derifrå tar du til venstre igjen til Kollsnes prosessanlegg. Der følgjer du skilt til parkering. Det tar 35 minuttar å kjøre til Kollsnes frå Straume.

Kart over området finn du nederst på sida.

Program for dagen:

08:15 Registrering
09:00

Konferansestart. Styreleiar Øyvind Langedal og Anders Ekanger i Vest Næringsråd

09:10

Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden kommune

09:25

Bjarte Padøy, VP Operations og plassjef Equinor Sture & Kollsnes og Frode Leversund, adm. dir i Gassco

09:45

Nils Tore Skogland, Skogland.com. Hjelper verksemder med kunnskap, verktøy og rådgjeving for bærekraftig verdiskaping. Han er økonomiutdanna frå Universitet i Bergen med spesialisering i miljø- og ressursøkonomi.

10:05

Stine Lise Hattestad Bratsberg, Head of Startegy and Transformation in ESG EMA Hub KPMG. Gull-vinneren frå Lillehammer-OL har etter fristilkarriera oppnådd internasjonal annerkjennelse for arbeidet med FNs bærekraftsmål som rammeverk i strategiarbeid både for privat og offentlig sektor.

10:20

Camilla Meland Madsen, advokat/partner i Harris og Kevin Grindland, advokatfullmektig i Harris. Dei skal leggje fram ein case som har fokus på bærekraft. Dei har analysert eit lokalt firma og kjem med anbefalingar på kva tiltak firmaet må gjere for å vere i tråd med EU sin taksonomi og ESG.

10:40

Baste Tveito, Nordhordland Næringslag. Tveito er dagleg leiar i Nordhordland Næringslag, og den fremste talspersonen for næringslivet når det handlar om kraftmangelen i regionen.

10:55

Øistein Johannessen, Industrikoordinator Havvind, Equinor. Trollvind-prosjektet. Ein flytande havvindpark 65 km. vest i havet for Kollsnes.

11:15

Sunniva Rose, kommunikasjonsdirektør Norsk Kjernekraft. Doktorgrad i kjerne- og energifysikk frå Universitetet i Oslo, er foredragshalder og forfatter. Jonny Hesthammer, styreleiar i Norsk Kjernekraft. Tidlegare geologi- og geofysikkprofessor. Begge er aktive i debatten om kjernekraft, og meiner det er ein del av både klimaløysinga og kraftkrisa.

11:30

Lunsj, allergier må meldast til anders@vnr.no

12:35

Konferansestart med underhaldning. Bjarte Hjelmeland

13:00

Jan Christian Vestre, Næringsminister. Næringsministeren har ansvaret for å utforma ein fremtidsretta næringslivspolitikk.

13:30

Andreas Helgesen, Manager Marketing & Communication - TechnipFMC. TechnipFMC er det største private arbeidsplassen i kommunen og har vore ein del av industrieventyret i regionen dei siste 30 åra. Dei neste 30 åra skal dei fortsetja å utvikla den tradisjonelle verksemda og samtidig bidra aktivt i energiomstillingsprosessen Noreg og verda står ovenfor.

13:50

Liten pause med noko søtt

14:05

Arve O. Torgauten, HMS-leiar Sotra Link. 9,4 km firefelts veg, 12,5 km med tunneler, 22 bruer og viadukter, 19 underganger og 14 km sykkelveg. Kva er krava til berekraft i eit slikt stor-prosjekt? Vi får også ein status på oppstarten neste år.

14:25

Michal Forland, direktør Bergen Havn. Bergen Havn skal flytte til Ågotnes. Kva er status, og blir den så stor som først planlagt? Intervju med Forland.

14:30

Ronny Haufe, Adm. dir. CCB Energy og H2 Production. Haufe er nøkkelpersonen for selskap som ønskjer å etablera seg i Energiparken. Der er målet å samle grøne framtidige næringar.

14:50Stormfondet 2022

Margunn Minne, «Finans som drivkraft for grønn omstilling» Sparebanken Vest. Presentasjon av årets vinnarar av Stormfondet.

15:15Buss tur/retur Northern Lights

Guida tur til Energiparken og inn på mottaksanlegget for CO2. Retur via Kongehaugen på Kollsnes der vi får eit unikt utsyn over prosessanlegget

Detaljert info lenger nede på sida
16:00Konferanseslutt
18:00Vest Næringsråds årsfest

Velkomst på raud løpar

Guida tur til Northern Lights

Kl. 1515 – går bussane til mottaksanlegget for CO2 i Energiparken. Det er kort veg dit (ca. 7 minutt), og vi kjører sakte gjennom anlegget medan du får informasjon om kva som fins der.

BLÅ BUSS: Bussane som er merka med blått er for deg som skal tilbake til Kollsnes etter besøket på Northern Lights. Anten for å kjøre privatbil heim, eller ta fellesbussen til Straume/Bergen etter konferansen (avgang frå Kollsnes kl. 16). Du som har meldt deg på denne turen får blått adgangskort til konferansen når du registrerer deg om morgonen.

RAUD BUSS: Bussane som er merka med raud farge er for deg som skal på årsfesten seinare på kvelden, og dermed skal bli med til Kystmuseet for mellom-arrangementet «Mingel og Maul» der, før returen (kl. 1715 frå museet) til velferdsanlegget på Kollsnes. Du som har meldt deg på denne turen får raudt adgangskort til konferansen når du registrerer deg om morgonen.

Hvis du ikkje har meldt deg på ein av desse bussturane, får du grønt adgangskort til konferansen når du registrerer deg om morgonen.

Vest Næringsråd sin årsfest

Rundt halvparten av konferansedeltakarane skal vidare til Årsfesten om kvelden. Dørene opnar kl. 18.00. Festen startar kl. 18.30 i samme sal som konferansen var tidlegare på dagen.

Der blir det middag, prisutdelingar og musikk frå ZuZuBand.

Buss til Straume og Bergen har avgang kl. 23.00.

Parkering:

Meny