Trafikksituasjonen

Tapt arbeidstid og tapt arbeidskraft på grunn av trøblete pendling. Kø-problemet i rushtida til og frå Bergen er eit tapsprosjekt for næringslivet i Øygarden. Må vi leve med dette til nyevegen står klar, eller kan vi gå saman om tiltak?

Firmabilane står på rekkje og rad og taper inntekter. Fleire snakka om to timar mindre effektiv arbeidstid kvar dag. Denne våren har rushtidsproblemet mellom Øygarden og Bergen blitt verre, og vi spør: Korleis skal vi løyse dette dei neste tre åra?

Vest Næringsråd inviterer på kort varsel til dette møtet der vi vil svare på to spørsmål i fellesskap:

  1. Kva krev næringslivet for at trafikkflyten skal bli betre?
  2. Kan bedriftene gå saman om tiltak?

Her vil vi vera fokuserte på temaet. Er du og bedrifta di ramma av kø? Då er det viktig at du stiller.

Tid: Tysdag 18. juni kl. 08.00-10.30
Stad: TechnipFMC, Bleivassvegen 24, Ågotnes

08:00 Lett frukost og kaffi

08:30 Situasjonsrapport

  • Trafikktal
  • Tidsbruk i kø

08:45 Panelsamtale

  • Slik er lokale bedrifter ramma av køen

09:15 Arbeidsgrupper

  • Vi landar på dei viktigaste tiltaka

10:00 Konklusjonen

Beklager, skjemaet er ikke lengre tilgjengelig.

keyboard_arrow_up