Jobbmesse for flyktningar

Rundt 10 flyktningar fekk arbeid etter jobbmessa i mai. Dermed blei planen kjapt lagt for ei ny messe.
Slik såg det ut då ordføraren opna jobbmessa i mai.

I fjor kom det 200 flyktningar til Øygarden, 170 av desse frå Ukraina. No har mange av dei begynt å læra norsk, og vil gjerne vere til nytte.

Flyktningar representerer ein ressurs for kommunen, og det er viktig at dei får kome i kontakt med arbeidsliv slik at dei kan verte sjølvhjulpne. Arbeid og språk er heilt avgjerande for å kunne lukkast i Norge.

Tid: Tysdag 26. september kl. 13

Det vil bli lagt opp til at utstillarane kan komma frå kl. 12 slik at lokalet kan riggast. Frå kl. 12.30 vil Nav ha ein kort gjennomgang av verkemidla sine.

Stad: Grønamyrsvegen 2, Vaksenopplæringa (gamle Lieco)

Arrangør: Øygarden kommune, Øygarden næringsutvikling, Nav og Vest Næringsråd

Bedrifter som vil vise seg fram på messa, og bli kjent med flyktningane kan melde si interesse til:

Kirsten Syljeset

Tlf.: 900 23 332

Epost: Kirsten.Syljeset@oygarden.kommune.no

keyboard_arrow_up