Maitreff med grilling

Velkommen til eit innhaldsrikt medlemstreff med sjøutsikt, og smaken av deilig grillmat.

Her er noko av det du får høyra om:

  • EU-kontroll for SMB-bedrifter. Har vi områder som hindrar vekst?
  • Korleis få tak i dei billige grøne låna?
  • Ny redaktør i Vestnytt – kva betyr det for lokalavisa?
  • Kø, kø og lengre kø. Kva skjer framover? Er det noko næringslivet kan bidra med?

Vi avsluttar treffet med lunsj – grillmat.

Tid: Fredag 24. mai kl. 08.30-11.30
Stad: Notloftet, Sotra Gruppen, Gamle Vindenesvegen 11

Glimt frå arrangementet i fjor: (Klikk på, for større bilde)

08.30 Kaffi og mingling

09.00 Velkommen

  • Mind the gap – EU-kontroll for SMB-bedrifer. Jørgen Nordahl, Azets Consulting
    Av og til kan det vera lurt å ta temperaturen og måla pulsen på bedrifta for å sjå om den yter som forventa. Kanskje den kan blir betre? Eller kanskje den har nokre vondter som trengs å undersøkast?
  • Grøn finansiering. Trond Lægreid, Sparebanken Vest
    Kva skal til for å få desse grøne låna som har betre betingelsar, og kvifor gjer banken det slik?

Pause 

  • Lokalavisa si rolle i samfunnet. Leif-Kjartan Bjørsvik, Vestnytt
    Den nye redaktøren kjem for å helse på næringslivet og presentere korleis det går med avisa. Kva er næringslivsjournalistikk, og korleis kan bedriftene komme på trykk?
  • Trafikkavvikling mens nyevegen blir bygd. Lene Sælen Rivenes, Sotrasambandet
    Det er ein fryd å sjå framdrifta i bygginga, men rushtidskøane veks. Korleis blir dette dei neste tre åra? Kan næringslivet bidra til å letta trykket på dei verste tidene?

11.15 Grillmat til lunsj

keyboard_arrow_up