Maitreff med grilling

Velkommen til eit innhaldsrikt medlemstreff med sjøutsikt, og smaken av deilig grillmat.

Her er noko av det du får høyra om:

  • Inkluderande jobbdesign – Fins det oppgåver i bedrifta di som ikkje krev fagutdanning, og dermed kunne gitt plass til nokon utanfor arbeidslivet?
  • Energiplan Ågotnes – Korleis kan vi utnytte energien i området best mogleg?
  • Åpenhetslova – innført i fjor sommar. Stiller krav også til dei som ikkje er direkte berørt. Korleis det?
  • Kvitvasking – fekk du med deg firmaet som selde ein betongbil som nokre år seinare dukka opp på bilder frå krig?

Vi avsluttar treffet med lunsj – grillmat tilberedt av kokk Thor Morten Frey Sivertsen.

Tid: Torsdag 25. mai kl. 08.30-11.30
Stad: Notloftet, Sotra Gruppen, Gamle Vindenesvegen 11

08.30 Kaffi og mingling

09.00 Velkommen

  • Inkluderande jobbdesign. Monika Tøkje Hauge, Beredt
  • Energiplan Ågotnes. Jan-Dagfinn Lund, CCB

Pause

  • Fristen er 30. juni med å offentleggjera aktsomhetsvurderingar knytt til grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhol. Slik har Sotra Gruppen jobba med dette. Anita Vindenes, Sotra Gruppen
  • Kva krav stiller åpenhetsloven? Kva med dei som lova ikkje treff direkte? Konkrete tips til arbeidet.  Camilla Meland Madsen og Kevin Grindland, Harris
  • Antikvitvasking, Ragnhild Georgsen, Sparebanken Vest

Pause

11.15 – Grilling

Beklager, skjemaet er ikke lengre tilgjengelig.

keyboard_arrow_up