Øygardskonferansen 2023

– Saman om noko større

Øygarden – vekstkommunen der det skjer. Her blir allereie investert over 50 milliardar i infrastruktur og grøn næring. Ringverknadene av dette gjer at næringslivet her i vest har framtidsutsikter andre regionar berre kan drøyme om.

For å gripe moglegheitene må vi stå saman, gjere ting saman, snakke saman. Vi er saman om noko større.

Vi inviterer næringslivet i regionen til ein inspirerande dag på Panorama Hotell & Resort. Du får høyre nokre av dei aller beste gje deg nye perspektiv og framtidsmot.

Vi legg opp til ein konferanse med samtaler, debatt, intervju og innlegg frå scena som handlar om:

  • Korleis vi løfter kvarandre saman
  • Korleis vi kan samarbeide om arbeidskrafta
  • Korleis vi samarbeider om energiutfordringane

Konferansierar er Finn Tokvam og Halvor Folgerø.

Årsfesten

Om kvelden samme dag arrangerer Vest Næringsråd årsfest for alle medlemsbedriftene. Skal du på konferansen først og vidare til årsfesten, får du i mellomtida bli med på Strilapub på hotellet med mat og drikke. Du kan også nytte tida imellom fritt i den flotte velværeavdelinga på hotellet.

Årsfesten er ein viktig arena for næringslivet der du får trerettars middag, underhaldning og musikk frå lokale ZuZuBand. Vi deler også ut heidersprisane «Årets Bedrift» og «Årets Fyrtårn».

Øygardskonferansen og årsfesten
Tid: Fredag 10. november 09:00 – 23:00
Stad: Panorama Hotell & Resort

Prisar:
Konferanse Kr. 2 000,- (2500 inkl. mva.)
Konferanse og årsfest Kr. 3 500,- (4375 inkl. mva.)
Årsfest Kr. 2 000,- (2500 inkl. mva.)

Vil du ha overnatting: www.panoramahotell.no eller booking@panoramahotell.no (30 % rabatt)

08:15
Registrering
09:00
Slik løfter vi kvarandre gjennom samarbeid

Trine Eilertsen, redaktør i Aftenposten

Øygarden sett frå austlandet, av ei frå Øygarden

Bram Timmermans, Norges Handelshøyskole

Lokalt samarbeid - korleis og kvifor?

Monica Mæland, Bergen Næringsråd

Øygarden sett frå Bergen, av ei med slekt herifrå

Johnny Breivik, kommunedirektør

Hanne Misje Lokøy, Øygarden næringsutvikling

Framtidssamfunnet

Lene Sælen Rivenes, Sotrasambandet

Intervju med prosjektleiaren om det aller største samarbeidsprosjektet i regionen

Stormfondet 2023

Camilla Nygård og Trond Lægreid, Sparebanken Vest

Presentasjon av årets vinnarar av Stormfondet

10:35
Pause
11:00
Slik kan vi samarbeide om kompetanse og arbeidskraft

Sveinung Skule, direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Kompetansebehov for grøn omstilling

Ulf Andersen, statistikksjef i Nav

Arbeidsmarknaden sine seks store utfordringar i Øygarden

Jon Askeland, fylkesordførar

Politiske perspektiv på kompetansebehovet

Panelsamtale om kompetanse

Sveinung Skule, direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Jon Askeland, fylkesordførar, Tom Georg Indrevik, ordførar og Helene Frihammer, NHO Vestland

Hilda Beate Lygre, Noria

Intervju - leiarrolle og MS-sjuk

Panelsamtale om arbeidskraft

Hilda Beate Lygre, Noria, Einar Drægebø, Harris og Inger Kristin Ulveseth, Brødrene Ulveseth

12:30
Lunsj
13:30

John Hammersmark, kjent som Kapteinen i Kompani Lauritzen

Slik møter vi energi-utfordringane saman

André Gill, PWC

Kor er vi no?

Ingrid von Streng Velken, Eviny

Kva kan løysingane vera?

Ove Trellevik, Energi- og miljøkomiteen på Stortinget

Politiske perspektiv på det grøne skiftet

Panelsamtale om energi-samarbeid

Jan-Dagfinn Lund, CCB, Bård Sekkingstad, Sekkingstad

Panelsamtale om synergiar

Tom Georg Indrevik, ordførar, Ronny Haufe, CCB Energy, Benedicte Staalesen, Northern Lights

Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden

Sluttappell

Kari-Anne Landro og Anders Ekanger, Vest Næringsråd

Saman om noko større

15:45
Konferanseslutt
18:00
Vest Næringsråds årsfest

Velkomst på raud løpar

keyboard_arrow_up