Ringedugnad TV-aksjonen

TV-aksjonen 2022 går til Leger Uten Grenser sitt arbeid for å gje livreddande helsehjelp og medisinar til mennesker som treng det mest.

TV-aksjonen har vore gjennomført kvart år sidan 1974 og er blitt ein tradisjon i Noreg. Aksjonen er verdas største innsamlingsaksjon målt i innsamla midlar per hovud og tal på frivillige. I år går inntektene til Leger Uten Grenser sitt arbeid for å gje livreddande helsehjelp og medisinar til mennesker som treng det mest.

Stad: Gründerparken Vest

Tid: Torsdag 6. oktober kl. 11.30-14

Kva kan bedrifta di gjere?

Det aller viktigaste bidraget næringslivet kan gje er økonomisk støtte. Det kan knyttast opp til ulike aktiviteter som kan vere med og engasjere tilsette, kundar og samarbeidspartnarar.

Kva får du tilbake ved å gje?
  • Fri bruk av TV-aksjonens logo
  • Bannere til nyhetsbrev og nettsider
  • E-postsignaturer
  • Bidragsdiplom
  • Delingsposter til sosiale medier
Les meir på blimed.no/næringsliv
keyboard_arrow_up