– Fantastiske dagar på messe
LieGruppen frå venstre: Gunhild Lie Skålevik, Solveig Nordland, Per Villiam Lie, Eli-Katrine Rong… Isak Berntsen og Ivan Berntsen.

– Fantastiske dagar på messe

19. mai | Tekst: Anders Ekanger
Tre dagar til endes, HavExpo blei suksessen vi håpa på. No ventar ny fiskeri- og havbruksmesse om to år.

– Dette var ein utroleg bra start. Eg trur grunnlaget er lagt for noko som kan bli ein tradisjon, seier Rikard Toft Ledang, dagleg leiar i Vest Næringsråd.


320 utstillarar frå ti forskjellige land og vel 13 000 besøkande gjorde HavExpo til verdas nest største havbruksmesse. På første gjennomføring, etter å ha blitt pandemi-avlyst to år på rad, blei messa ei positiv oppleving.


– Vi fekk heilt klart inntrykk av at utstillarane ønska seg tilbake, seier Ledang.


Vest Næringsråd hadde stand saman med Øygarden næringsutvikling og Øygarden kommune, og vi har hatt utruleg kjekke dagar med mange folk innom.


Her er ti lokale bedrifter som hadde stand: