Vest Næringsråd og SpareBank 1 Sør-Norge ønsker å heidre Ingvild Skorpen Bøge på Porsvika 125, for å vera eit fyrtårn gjennom sitt engasjement og synleggjering i arbeidet med å skapa ein unik destinasjon.
Formålet med prisen «Årets fyrtårn» er å heidre ein person, som anten gjennom bedrift eller organisasjon har hatt spesiell positiv betydning for regionen. Det kan vera engasjement i dagsaktuelle saker og eit bidrag til samfunnsutviklinga som blir lagt merke til. Årets fyrtårn har vore utdelt sidan 2018.
Årets Fyrtårn 2024 – grunngjeving:
Attraktivitet handlar om å utvikle gode og velfungerande kommunar og regionar, der innbyggarar, næringsliv og besøkande ønsker å vera. Attraktivitetsmodellen til Telemarksforsking viser at attraktivitet vert skapt i samspel mellom kommune, næringsliv, frivillig sektor og andre.
Det vert peika på at reiselivet kan spele ei sentral rolle for å auke staden sin attraktivitet. Reiselivet skapar møteplassar, også for lokalsamfunnet sine innbyggarar og næringsliv.
Årets fyrtårn har skapt ein slik møteplass! Med stort pågangsmot, knallhardt arbeid og ein god dose humor, også når motbakkane har vore bratte, har ho skapt ein møteplass, arbeidsplass og destinasjon.
Med sin uformelle og rause stil har ho fått mange følgjarar i sosiale media, og stadig fleire tar turen for å nyte god og kortreist mat i nydeleg kystlandskap. Bruk av kortreiste råvarer bidrar både til berekraft og verdiskaping lokalt. Tilboda på destinasjonen er mange og varierte, alt frå strikk og drikk, bading i ramsalt sjø, overnatting i sjarmerande små hus eller glamping, vinkveldar og raspeballtorsdag! Slike tilbod aukar attraktiviteten til lokalsamfunnet her ute!
Vest Næringsråd og SpareBank 1 Sør-Norge ønsker å heidre Ingvild Skorpgen Bøge på Porsvika 125, for å vera eit fyrtårn gjennom sitt engasjement og synleggjering i arbeidet med å skapa ein unik destinasjon.
Bilder frå prisutdelinga på Årsfesten 8. november: