Ny hovudsamarbeidspartnar         

edit today
Harris Advokatfirma har inngått samarbeid med Vest Næringsråd, og blir dermed vår viktigaste partner og rådgjevar innan ei rekkje juridiske fagfelt.

– Harris har vore aktive i nettverket vårt lenge, og vi har stor glede av å samarbeide med denne gjengen, seier dagleg leiar Rikard Toft Ledang i Vest Næringsråd.

Advokatfirmaet er snart 100 år gammalt, og er det største advokatfirmaet i Noreg som ikkje har hovudkontor i Oslo.  

  • 21 partnerar
  • Over 50 advokatar
  • 75 tilsette
  • Bergen, Førde, Stryn, Norheimsund og på Os.

– Vi er heile Vestlandets advokatfirma, og det skjer svært mykje spennande i Øygarden. Folka er offensive og det er mange som vil noko til dømes i det grøne skiftet. Difor ønskjer vi eit tett samarbeid med Vest Næringsråd, seier dagleg leiar i Harris, Olav Pedersen.

VNR treng kunnskaps-medlemmer

Rundt 20 prosent av medlemmane i Vest Næringsråd er kompetanse-bedrifter i Bergen. Desse medlemmane har eller ønskjer tett kontakt med næringslivet i Øygarden

– Vi må også seie at vi treng dei for å lukkast, seier Rikard Toft Ledang.

For Vest Næringsråd sin del blei samarbeidet med Harris allereie tettare under planlegginga av  Øygardskonferansen 2021. Der holdt Pedersen innlegg med temaet «Tør kommunen ta i bruk handlingsrommet?». Han minna oss i Øygarden om kor viktig det var å laga god kommuneplan, og kom med konkrete tips til korleis samfunnsdelen burde jobbast med, og kva vi kunne læra av nabokommunar sitt arbeid med det samme.

Dagleg leiar i Harris, Olav Pedersen under Øygardskonferansen 2021.

– Det var veldig kjekt å få vera med å Øygardenkonferansen. Eg fekk snakka om eit tema som engasjerer meg. Tilbakemeldingane har vore utelukkande positive, fortel Pedersen, som også vil løfta fram dei andre innleiarane og innhaldet på konferansen.

– Den var imponerande, både programmet og gjennomføringa. Konferansen er offensiv og jordnær på same tid. Det treff meg. Til dømes var samtalen Finn Tokvam hadde med far og dotter Ulveseth utruleg fin, syns Olav Pedersen.

– Fortsett med felleskapstanken
Einar Drægebø, advokat og partner i Harris Advokatfirma

På årets februartreff holdt Einar Drægebø innlegget: «Ny regjering, dette er de nye reglene for arbeidslivet.» Drægebø er advokat og partner i Harris Advoksatfirma. Han meiner Vest Næringsråd må fortsetja med å binde saman det private med det offentlege.

– Samarbeidet med VNR er veldig bra. Eg er imponert over den felleskapshaldninga som VNR er ein viktig bidragsytar til mellom private næringsaktører, kommunen og eksterne krefter. Frukostmøtene og andre samlingar bidreg til at eit slikt samarbeid blir veldig godt utvikla. Øygarden kommune er i vekst og mykje spennande, framtidsretta skjer hos dykk, seier Drægebø.

Les også

keyboard_arrow_up