Over 100 menneske som vil ut i arbeid
96 av kandidatane er gjennom Nav - 18 av kandidatane er flyktningar i introduksjonsprogram.
Betyr mykje for kvar enkelt
Jobbsøkarane har ulik bakgrunn og erfaring, og representerer eit bredt spekter av ressursar. Felles for dei er at dei får oppfølging innan psykisk helse og/eller rus, og ønskjer ordinært arbeid som ein del av betringsprosessen.
– Å få moglegheit i ei bedrift kan ha stor betydning for meining og struktur, styrka sjølvbildet og gje tru på eigne ressursar. I tillegg til at dei kan bli meir økonomisk sjølvstendige, seier Viken.
Motivert arbeidskraft
Kandidatane blir følgt tett opp av jobbspesialistar så lenge det er behov for det. Dette skal vere så enkelt som mogleg for bedriftene med:
• Éin fast kontaktperson (jobbspesialist)
• Dialog før oppstart om forventningar og oppgåver
• Støtte til både kandidat og arbeidsgjevar undervegs
• Rask tilbakemelding ved spørsmål
– Målet vårt er at bedriftene skal oppleva dette som trygt, oversiktleg og lite ekstra krevjande, samtidig som dei får tilgang på motivert arbeidskraft, seier Viken.
I arbeid for å læra
Introduksjonsprogrammet er eit heiltids kvalifiseringsløp for nyankomne flyktningar, med mål om å gi deltakarane nødvendig kompetanse for å koma ut i arbeid eller utdanning.
Programmet inneheld mellom anna norskopplæring, samfunnskunnskap og ulike arbeidsretta tiltak, som til dømes arbeidspraksis i bedrift. Deltakarane har ein periode med intensiv norskopplæring før dei går ut i praksis.
Akkurat no er det 18 deltakarar som ønskjer arbeidspraksis gjennom introduksjonsprogrammet - eit viktig steg mot fast arbeid.
– Arbeidspraksis gir verdifull erfaring, språktrening og innsikt i norsk arbeidsliv, seier Jarand Høynes Lekve, avdelingsleiar integrering i Øygarden kommune, og legg til at mange av deltakarane har med seg kompetanse og ressursar som kan vere eit positivt bidrag i ei bedrift.
Deltakarane mottar stønad frå kommunen medan dei er i programmet, og skal dermed ikkje ha lønn frå bedrifta.
– For arbeidsgjevar gir dette ein god moglegheit til å bli kjent med kandidaten i praksis, utan lønskostnader, og eventuelt vurdera rekruttering i ein seinare fase, seier Høynes Lekve.
Programmet blir tett følgt opp, slik at det skal vere enkelt og trygt å ta imot ein kandidat. Kandidatane kan bidra i ulike oppgåver, tilpassa behovet i di bedrift.