Skal lage tidenes omsorgsarrangement

edit today
Neste år kan du og kollegaene dine bruka eit døgn i fellesskap til å hylla og støtta alle som er ramma av kreft.

– Vi veit alle om nokon i familien, nabolaget eller på jobben som er ramma. Dette skal bli det eine døgnet der vi viser at vi står saman i 24 timar, som eit symbol på at kreften aldri tar pause. Vi skal heidre dei som har kreft, dei som har hatt kreft og dei som ikkje er iblant oss lenger på grunn av kreft, seier Geir Fjeldstad, stafettleiar.

For det blir på ein måte ein stafett. Bortsett frå konkurranse-aspektet. Dei ulike påmeldte laga får ein stafettpinne som skal vera i bevegelse rundt friidrettsbana på Ågotnes frå klokka 12 den siste dagen i mai til klokka 12 første dagen i juni. Veksling gjer ein når ein treng det.

– Stafett er kanskje feil ord. Dette handlar ikkje om å springe. Du kan krype eller gå, ein eller hundre rundar. Du kan gå åleine, eller gå fleire saman. Målet er at stafettpinnen bevegar seg heile dette døgnet, seier Fjeldstad, som har med seg fleire frivillige frå næringslivet til å planlegga og gjennomføra arrangementet.

Dette skal bli det eine døgnet der vi viser at vi står saman i 24 timar, som eit symbol på at kreften aldri tar pause.

Allereie er 42 lag påmeldt. Det er familiar som går saman for ein av sine næraste eller bedrifter som går for ein tilsett. Lagansvarleg Nina Eileen Askeland siktar høgt og håpar på over hundre lag når arrangementet blir sett i gang.

Ved påmelding treng du berre å ha ein lagkaptein. Deltakarane kan meldast på seinare.

Meininga med å kalle påmeldinga eit lag er at den som er kreftramma skal få merka at vedkommande har eit heilt lag rundt seg av støttespelarar.

Her skal det skje. 31. mai- 1. juni 2025 håpar arrangørane på fleire tusen deltakarar på Stafett for livet Øygarden.

– Ein kan kjenne seg så enormt åleine når kreften rammar. På Stafett for livet skal alle, både kreftamma og pårørande kjenne at dei ikkje er åleine. Det blir nok mykje følelsar, seier Askeland, som til dagleg styrer Anleggsgartnermester Askeland.

Vi skal heidre dei som har kreft, dei som har hatt kreft og dei som ikkje er iblant oss lenger på grunn av kreft.

På dette arrangementet legg ho til rette for at det er mogleg å leige telt og teltplass til dei laga som ønskjer det rundt friidrettsbana. Alle inntektene går til kreftforsking.

– Eg syns det er fantastisk for ein gongs skuld å selje noko som kun handlar om omsorg, og ikkje pengar. Som handlar om medmenneske og ikkje business. Vi driv i det private næringslivet, men dette er mykje gøyare å selje. Dette handlar om livet, smiler Nina Eileen.

Dei som har kreft eller har hatt kreft blir spesielt inviterte, og blir titulert som fightarar under arrangementet. Dei er heidersgjestar, kan senke skuldrane og ta ein pause frå kvardagen saman med andre i same situasjon.

Stafettleiar Geir Fjeldstad oppmodar bedriftene i Øygarden om å bruke denne dagen til ære for kreftramma på arbeidsplassen, og bygge kulturen internt.

– Eg meiner det kan vera god teambuilding å bli med og gjere dette saman på kryss og tvers av titlar og hierarki. I møte med kreft er vi berre menneske alle saman. Her får bedriftene ein fantastisk anledning til å heidre tilsette som er ramma av kreft, og vise at dei ikkje er åleine i kampen, seier Fjeldstad.

Les også

keyboard_arrow_up