Draumen om landbasert oppdrettsanlegg ved den gamle Kvalstasjonen, lever vidare.
For to år sidan blei Salmo Terra slått konkurs, selskapet som hadde fått konsesjon til å driva matfiskproduksjon i næringsparken vest for Blomvåg.
Men grunneigar, Øygarden Næringspark, som kjøpte den tvangsselde konsesjonen, har ikkje gitt opp. Ved nyttår blei det etablert eit nytt selskap med nesten samme namn: Salmo Terra Norway.
Fem nye investorar står bak, og vil kjempe vidare for at anlegget skal bli ein realitet. Mellom dei fem er også største eigar i næringsparken, Tor Anfinn Aasen.

Alt ligg til rette
– Plassen her ligg sentralt, og er veldig bra for å produsera fisk. Eg syns dette er eit godt prosjekt, seier Aasen.
40 mål tomt står klar, kaia er klar og konsesjonen på 8000 tonn matfisk i året ventar på å bli brukt.
– Vi har veldig tru på Øygarden, og vil vera med og skape grøne, gode arbeidsplassar her ute, seier Morten Martinessen, som også er ein av dei fem.
No bli det jobba hardt med å finne samarbeidspartnarar som vil investera, bygga, drifta eller på annan måte vera involvert i prosjektet.
- Du finn selskapet på Linkedin her!
Heilt konkret ønskjer dei kontakt med:
- Aktørar og investorar innan akvakultur og fiskeri som ser moglegheiter for landbasert fiskeoppdrett med RAS-teknologi
- Kompetanse og kapital som vil inn på eigarsida.
- Oppdrettarar, leverandørar av teknologi, transport, smolt, slakt og foredling.
- Aktørar innan fiskefor og fiskehelse.
– Vi vil skape eit lag. Entreprenørar og andre som vil vera med på noko som kan bli ganske stort, seier styremedlem Silje Grindeland Aasen.


