– Vi må leggje til rette for at fleire tør å starte bedrift
GRÜNDERSTØTTE: – Nye og innovative løysingar heier vi på. Noko som tek oss framover, gjer oss grønare eller tryggare, seier John Ivar Halvorsen, bedriftsrådgjevar i DNB.

– Vi må leggje til rette for at fleire tør å starte bedrift

29. september | Tekst: Anders Ekanger
For å oppretthalde den norske konkurransekrafta burde det blitt etablert dobbelt så mange bedrifter kvart år, meiner DNB.

I fjor blei det etablert 41 655 nye bedrifter i Noreg. Så langt i år 28 000. Det meiner bedriftsrådgjevar John Ivar Halvorsen i DNB er altfor lite.


– Vi må gjera det vi kan for å stimulera til at fleire tar valet om å starte ei ny bedrift. I Noreg treng vi 80 000 nye bedrifter kvart år for å oppretthalda konkurransekrafta. Det er vi langt unna, forklarer han.


Halvorsen deltek på Etablererdagen på Straume Teknologisenter tysdag 3. oktober. Der vil han lytte til og snakke med deltakarane. Prøve å pushe nyetablerte vidare på vegen.


– Det er eit flott initiativ for å stimulere fleire til å starte for seg sjølv, meiner han.


Anbefaler desse nettsidene

Halvorsen meiner det fins mykje hjelp for gründerar i Noreg. Han anbefaler å studere desse tenestene om ein vurderer å starte bedrift:


  • Etablerersenteret

  • Oppstartslosene – O for Oppstart, Bedrift frå A til Å

  • Altinn – Starte bedrift

  • Innovasjon Norge – Oppstart av bedrift

  • – Heldigvis fins det mykje hjelp å få, men skal eg gje eitt råd så er det å søke opp gründer-fellesskapa som finns både på Sotra og i Bergen, og gå og snakke med andre gründerar. Sug til deg av erfaringane deira, er rådet til Halvorsen.


    Her er nokre av dei som kjem på Etablererdagen 3. oktober: