Open fagdag for nye og etablerte bedrifter i Øygarden.
![](https://www.vnr.no/wp-content/uploads/2023/09/Trude_.png.jpg)
![](https://www.vnr.no/wp-content/uploads/2023/09/Rune-1-576x1024.jpg)
![](https://www.vnr.no/wp-content/uploads/2023/09/Janne-1.jpg)
![](https://www.vnr.no/wp-content/uploads/2023/09/Henrik-Lande-1024x883.jpg)
![](https://www.vnr.no/wp-content/uploads/2023/10/BT-768x1024.jpg)
![](https://www.vnr.no/wp-content/uploads/2023/09/Ellen-Kristine-Kraakenes.jpg)
![](https://www.vnr.no/wp-content/uploads/2023/09/utvalgt-1-1024x576.jpg)
![](https://www.vnr.no/wp-content/uploads/2023/09/Silje-Torsvik.jpeg)
![](https://www.vnr.no/wp-content/uploads/2021/08/Helmersberg-redigert-1-1024x576.jpg)
Sit du åleine med ideane dine, og treng eit spark bak for å komma vidare? Har du komt eit stykke på veg, men vil ha eit større nettverk av likesinna? Eller er du veletablert, og ønskjer å læra meir?
På Etablererdagen møtes vi for å få tips og råd om vegen vidare. Du får omvisning i Gründerparken Vest, og du blir kjent med kommunen sitt apparat for oppstartsbedrifter: Etablerersenteret.
Dette er nokre av temaene:
- Korleis bruke sosiale medier riktig?
- Korleis ein kan få oppdrag for det offentlege?
- Juridiske råd
- Kva støtteordningar passar for deg?
Tid: Tysdag 3. oktober kl. 09-14
Stad: Straume Teknologisenter, auditoriet
Arr: Vest Næringsråd i samarbeid med Etablerersenteret