40 000 kroner frå Sotra Gruppen

edit today
Den nye innsamlingsrekorden fekk eit kraftig byks då 40-åringen Sotra Gruppen bestemte seg for å bidra med 10 000 for kvart av dei fire selskapa i konsernet. Til saman har bedriftene i Øygarden – til no – gitt 815 260 kroner.

– Eg syns det er flott, seier Jarle Vindenes når han får høyra totalsummen per i dag. Gründeren bak Sotra Gruppen veit altfor godt kva det er å vera kreftpasient. Det har også andre i selskapa hans fått erfare.

– Eg går sjølv på livsforlengande medisin etter at eg blei ramma av kreft for nokre år sidan, fortel han.

Difor blei det naturleg og symbolsk då konsernet under 40-årsjubileet (utsett i to år p.g.a. pandemien) gjorde det kjent at dei ville støtte aksjonen med 10 000 kroner frå kvart av dei fire selskapa:

  • Sotra Gruppen
  • Socon
  • Socon Norheimsund
  • Sotra Anchor & Chain

– Vi hadde heile tida tenkt at vi på 40-årsdagen for konsernet skulle gje 40 000 kroner til eit godt formål. Denne gongen blei det til kreftsaka, seier Vindenes, som har støtta aksjonen kvart år sidan starten i 2011.

Nesten hundre bedrifter er med

Hans Jarle Einarsen som leier innsamlingsarbeidet med Krafttak mot kreft set stor pris på bidraget, og gler seg over at rekorden frå i fjor (735 168,-) blir knust lenger og lenger ned i støvlane.

– Bidraget frå Jarle og Sotra Gruppen er berre heilt fantastisk! Med denne pengegåva set vi allereie no ein solid innsamlingsrekord. Eg må berre få seie tusen takk til Sotra Gruppen for bidraget, og ikkje minst tusen takk til alle dei nesten hundre bedriftene som er med så det monnar til no.

Innsamlingsaksjonen blir avslutta med Strilasløyfo 23. april då Benjamin Torsvik skal gå 18 turar til Liatårnet på samme dag.

– No krummar vi nakken og går for millionen, seier Einarsen, og inviterer endå fleire bedrifter med i aksjonen.

Slik kan du bidra:

Bli med i Bedriftsstafetten og ta et Krafttak mot kreft! Gje ditt bidrag og send stafettpinnen videre.

  • På Vipps.nr.: 451005
Slik går det med årets Krafttak mot kreft:

Ringepanel: Torsdag 17. mars startet bedriftsstafetten. Ordfører og folk frå næringslivet ringte rundt til bedrifter. Dei samla inn 305 000 kroner.

Veldedighetsauksjonen: Finalen for Veldedighetsauksjonen på Facebooksida: 68 660 kroner til Krafttak mot kreft.

Påskelueauksjonen: Spisekroken sin Påskelueauksjon bidrog med 18 410 kroner. Spisekroken la inn samme beløp og til saman 36 820 kroner.

Bedriftsstafetten: Bedriftsstafetten til Sartor Storsenter og Vest Næringsråd er nå oppe i hele 721 992 kroner.

Totalsummen: Pr. 12. april er innsamlingen oppe i 815 260 kroner.


Les også

keyboard_arrow_up