Det som starta som ein liten idé for å motivera elevar på videregående, har vokst til noko langt større. No er over 350 elever klare for Gantic Expo i september!
– Tanken var å laga ein mindre happening, men interessa har vore overveldande. Nå gjer Gantic seg klar til å ta imot mellom 380-500 engasjerte gjestar – og vi gler oss til å ta imot kvar einaste ein.
Det seier Susanne Jørgensen som jobbar som marknadsførar i familiebedrifta Gantic på Ågotnes. Hennar eigen erfaring frå utdanningsmesser gjorde at ho ville stella i stand ein meir engasjerande møteplass mellom elevar og bedrifter. Ein møteplass som motiverer ungdommane til å få seg læreplass og arbeid.
– Det er mangel på arbeidskraft innan mange fag, og eg har lyst til å skape eit engasjement hos elevane slik at dei forstår kva som skjer på arbeidsplassane. Rett og slett gje dei innsikt i kva moglegheiter som finns, seier ho.
Vi er menneske som ein gong sjølv satt på skulebenken og drøymde om framtida. No vil vi gje noko tilbake.
Dermed var idéen klekt, ho inviterer til Gantic Expo 17. september. Eit to-timars arrangement der elevar frå Sotra, Laksevåg og Åsane får komma og bli kjent med 24 utstillarar, bedrifter stort sett frå nærmiljøet.
Elevane skal bli utfordra i artige konkurransar, få prøve simulatorar og kjøre lift. Samtidig skal dei få informasjon om dei ulike bedriftene.

– Eg ønskjer også at arrangementet skal motivera bedriftene til å satsa på ungdommane. Vi må ufarleggjera arbeidsplassane, meiner ho.
– Bedriftene er ikkje skumle
– Vi vil berre vise ungdommane at vi ikkje er skumle bedrifter. Vi er menneske som ein gong sjølv satt på skulebenken og drøymde om framtida. No vil vi gje noko tilbake.
Gantic har invitert elevar ved ei rekkje utdanningar til messa. Sjølv gjekk ho helsefagarbeidar på vidaregåande, men enda opp i eit anna yrke.
– Det vil vi også få fram, at du ikkje er låst til det faget du vel på vidaregåande. Du kan få jobb som noko heilt anna.