500 rydda boss i tre timar

edit today
Over 500 barn og vaksne frå håndballgruppa i Sotra Sportsklubb rydda søndag idrettsparken, næringsparken og store delar av Straume-området for boss. Og gjer det gjerne igjen.

Sommaravslutninga blei gjort om til ein tre timar lang ryddeaksjon med støtte frå Handelens Miljøfond. Håpet er at bedrifter i området skal sjå kor reint det er blitt, og bli med og bidra økonomisk til neste år.

– Vi veit jo ikkje om vi får dette til neste år, og vil gjerne at bedriftene skal vite at vi har vore her, seier Stian Mikkelborg i håndballgruppa.

Godt oppmøte

Ved sida av han ligg noko av det som er rydda. Utbrente senger, eit barnesete, plast av alle slag, ein girkasse, bildekk og enorme mengder isopor.

– Vi har fått veldig mange kommentarar om svært mykje isopor i områdene vi har rydda, fortel han.

Dette var første gang håndballgruppa gjorde sommaravslutninga om til ein ryddeaksjon. Likevel meldte 400 barn og 230 vaksne seg på.

– Dette har vi aldri gjort før, så vi var veldig spente. Men ved oppmøte blei vi positivt overraska. Det blei veldig bra, og folk har vore kjempepositive. Med det engasjementet vi opplever her i dag, så vil vi gjerne gjere dette igjen, seier Mikkelborg.

Les også

keyboard_arrow_up