
Frekhaug-bedrifta Synfaring er nytt medlem
Synfaring er eit uavhengig sertifiseringsorgan som tilbyr tenester til både nasjonale og internasjonale kundar. Det handlar om sertifisering, inspeksjon, teknisk rådgiving, engineering og opplæring. Tenester som absolutt kan vera aktuelle for bedrifter også i Øygarden.
– Vi har allereie avtale med Øygarden kommune om kontroll og vedlikehald av anlegg og utstyr. Til dømes gymsalar, idrettsanlegg og andre idrettsbygg, forklarar Lundberg.

No vil dei også vera synlege for andre verksemder i vest.
Målet er å vere ein komplett leverandør av kostnadseffektive tenester som gir meirverdi, og som hjelper kundane til å oppnå høg kvalitet, sikkerheit og berekraftig vekst.
– Det er nok bakgrunnen min frå fiskeri og oppdrett som gjer at eg hamna her, seier den ikkje heilt ukjente styreleiaren i Synfaring, Ellen Pedersen.
Ho har trekt i trådane om medlemskap i Vest Næringsråd, og meiner Frekhaug-bedrifta har kompetanse som kan komma næringslivet - også her lenger vest - til gode.
– Synfaring har ein bredde i kunnskap og kompetanse som er heilt imponerande, og det finns mange innfallsvinklar mot næringslivet i Øygarden, meiner Pedersen.
– Som styreleiar opnar du snart avdeling her ute då?
– Ja, det hadde kanskje ikkje vore så dumt, smiler ho lurt.