Bilde av Dorsey og dei
Produktet ser ut som plast og virkar som plast, men er ikkje plast. - Vi er i startfasen på noko som er veldig spennande, seier Jon Dorsey i SOCON (midten). Her saman med oppfinnarane Kim Kristensen og Per Gunnar Aas.

Kan erstatta plast langs kysten

19. mai | Tekst: Anders Ekanger
Sotra Contracting (SOCON) har starta samarbeid med Odda-bedrift om å testa ut eit berekraftig produkt som skal erstatta plast i maritime miljø. 
I motsetning til plast, som skaper store miljøproblem verda over, vil dette produktet over tid bli brote ned til næring for mikroorganismar dersom bitar fell av og blir liggande på botnen.

Det er to-manns gründerbedrifta Disruptive Value Group (DVG) frå Hardanger som står bak oppfinninga. Produktet ser ut som plast, fungerer som plast, men er altså miljøvennlig.

– Vi tek vekk opptil 95 prosent av forureininga samanlikna med dagens løysingar, fortel Per Gunnar Aas.

Saman med Kim Kristensen har han brukt dei siste åra på å utvikla ei plast-erstatning som kan brukast på fenderar i alle typar hamner. Den kan også erstatte dei mange tusen bil- og dumperdekka som no beskytter kaikanter langs kysten.

– Kva er produktet laga av?

– Det får du snart vita, svarer Kristensen lurt. 

Tenk deg all mikroplasten som hamner i sjøen når dekka blir påverka av sol og regn, og ikkje minst når skip legg til kai. På kaikanten møter skipssida bil- eller traktordekk som blir vridd og smuldrar opp. Bitar og heile dekk fell i sjøen og smuldrar opp til bittesmå delar som går inn i næringskjeda.

fender

Jon Dorsey i SOCON meiner den nye oppfinninga passar spesielt godt for bedrifta deira som held til der plastkvalen blei tatt på land i 2017.

– Eg blei tent på produktet med ein gong. Det var på Vindenes plastryddingseventyret starta, og ingenting ville vore betre enn om vi er med på å erstatta plast med eit organisk materiale, seier Dorsey.

SOCON ser eit stort potensial i bruken mellom anna til fenderar. Men også moglegheita for andre produkt. 

– Vårt søsterselskap Sotra Anchor & Chain ser også på korleis dette kan bli ein del av produkta deira retta mot havbruksnæringa. Det opnar for mange nye moglegheiter. Vi er i startfasen på noko som er veldig spennande, meiner Jon Dorsey.

avtalen